«Heimane Våre»-arrangementa
er tufta på verdiar eg deler
Bergensartisten Rune Larsen kjem til Herøy fredag 24. april i år for å delta på Heimane Våre-arrangement for femte gong. Arrangementet begynner klokka 18.00. Han har med seg pianisten Terje Kleppe. Herøy kyrkje var fullsett under fjorårssamlinga, og i år vert det både nasjonale og fleire regionale deltakarar, som i fellesskap løftar fram dette å tenkje heilskapleg om menneska og gode familieverdiar.
– Morgendagens livsmønster vert danna i heimane i dag. Difor arbeider vi for at det skal vere heilt naturleg å ha gode etiske normer og edru livsstil i heimane. For oss er det eit poeng at dette arrangementet er gratis for deltakarane slik at flest mogleg skal ha høve til å komme, og at dei som evntuelt vil støtte opp om arbeidet vi driv kan gje ei kollekt. Samlinga er eit stort løft for dei organisasjonane som er arrangørar, seier Per Arne Lillebø frå Gursken, som starta Heimane Våre-samlingane for 49 år sidan.
-Arrangementet Heimane Våre er tufta på verdiar som eg deler. Eg har hele livet mitt vore totalavhaldande og eg synst det er viktig å delta på arrangement som fokuserer på både det og dette å ha gode familieliv, seier Rune Larsen.
Nervegift
– Kvifor meiner du at det er viktig å ha slike typar positive arrangement der ein framsnakkar det gode familielivet?
– Å drikke alkohol i dag er blitt så “normalt” at mange menneske føler seg brydd når dei ber om ein alkoholfri drink. I mange tilfelle blir dei nærast avkrevd ei forklaring på kvifor dei ikkje drikk. Eg ser det som ei oppgåve å gjere det meir “normalt” å IKKJE drikke nervegift, noko som alkoholen er, og i den samanheng er det flott med arrangement som “Heimane våre”.
– Å bruke song og musikk som innfallsvinkel til førebyggjande rusarbeid – kva er den gode “linken” i det etter ditt syn?
Artistreiskap
-Eg er artist, og song og musikk er arbeidsreiskapane mine. Når folk inviterer meg til å underhalde eller snakke om avhaldssaka, er det desse reiskapane eg brukar. Ein idrettsmann som preikar avhald, vil bruke sine reiskapar, meiner Larsen.
Fokus for Heimane Våre-samlingane har vore rusførebyggjande arbeid og dette å styrke dei gode familierelasjonane. Det er ei eiga Heimane Våre-nemnd med Per-Arne Lillebø i spissen, IOGT Vona og Actis Møre og Romsdal som står bak arrangementet.
Allsidig
Festtalar i år er Geir Riise, generalsekretær i legeforeininga, og han skal snakke om dette at ein person kan gjere ein skilnad for mange. Liv Randi Bjørlykke kåserer og generalsekretær Hanne Cecilie Widnes i IOGT deltek også. Per-Arne Lillebø er festleiar og dottera hans Anne-Marthe Lillebø bidreg med song. Damekoret Lyst frå Volda og Ørsta vert med i lag med koret Kvit Sektor frå Herøy. Ørsta Brass har ein minikonsert i Herøy kyrkje ein halvtime før festkvelden startar.