ÅRSMØTE for Herøy sokn torsdag 27.april kl 1930 i kyrkjelydssalen. Torsdag vert det årsmøte for kyrkjelyden som høyrer til i Herøy kyrkje/sokn. Alle som er medlemar i kyrkja er velkomne til å kome på årsmøtet som gjev god innsikt i alle tilboda i lokalkyrkjelyden. Soknerådet har laga årsmelding og alle utvala har laga årsmelding og vil presentere arbeidet sitt sjølv.
Eit spørsmål til alle i soknet: Kan vi samanlikne ein kyrkjelyd med eit puslespel? Er kvar enkelt i kyrkjelyden som ein puslespelbrikke? I så fall så vert ikkje kyrkjelyden heil før alle brikkane finn sin plass i puslespelet? Er det slik, eller er det andre måtar å sjå dette på?
Dette og mykje anna vil bli tematisert i årsmøtet. Vel møtt!
OBS: Kyrkja og kyrkjetorget er open frå kl 19 som vanleg med moglegheit for å tenne lys i kyrkjerommet eller ta ein prat på kyrkjetorget før årsmøtet startar.