Home » Alpha-kurs våren 2015 i Herøy kyrkje

Alpha-kurs våren 2015 i Herøy kyrkje

Komande veke startar vi opp Alpha-kurs i Herøy kyrkje. Kurset vil bli halde på tysdagar 19.00-22.00 i Herøy kyrkje. I tillegg blir det ein weekend  helga 27.02.-01.03. Kurset er gratis, weekenden har ein eigenandel på 400,-

Tema for dei ulike kurskveldane vil bli:

Plan for Alpha

 

Samling 7,8,9 og 10 vil bli i løpet av weekenden.

Kva er Alpha?

Alpha-kurs er for deg som ynskjer å utforske den kristne trua, som er ny som kristen eller som ynskjer å få litt påfyll av basiskunnskapane i den kristne trua.

Alpha har ein lav terskel og det er kjekt. Her kan du få slappe av, ete kveldsmat i eit hyggeleg fellesskap, dele dine tankar og utforske meininga med livet. Kurset består av ei samling i veka, totalt 10 stk, med måltid, undervisning og samtale i grupper. Her vil du bli tatt på alvor med dine tankar, idear og spørsmål. Ingen spørsmål er for store og ingen spørsmål er for små. I tillegg til samlingane blir det arrangert ein weekend-tur.

Påmelding

Dersom du tenker at dette er noko du vil ha med deg så kan du melde deg på til kyrkjekontoret: 70080260 / kyrkjekontoret@heroy-kyrkje.no.

Er du litt i tvil? Møt opp på fyrste samling og sjå om det gjev meirsmak!