Nesten parallelt med Frikyrkja har vi i Den Norske Kyrkja i Herøy også planlagt Alpha-kurs over nyttår. Vi startar opp ei veke før, 13.januar, og har valt tysdagar for våre samlingar. Så denne vinteren kan du velje eit Alpha-kurs den dagen som passar best for deg!
Alpha-kurs er for deg som ynskjer å utforske den kristne trua, som er ny som kristen eller som ynskjer å få litt påfyll av basiskunnskapane i den kristne trua.
Alpha har ein lav terskel og det er kjekt. Her kan du få slappe av, ete kveldsmat i eit hyggeleg fellesskap, dele dine tankar og utforske meininga med livet. Kurset består av ei samling i veka, totalt 10 stk, med måltid, undervisning og samtale i grupper. Her vil du bli tatt på alvor med dine tankar, idear og spørsmål. Ingen spørsmål er for store og ingen spørsmål er for små. I tillegg til samlingane blir det arrangert ein weekend-tur.
Dersom du tenker at dette er noko du vil ha med deg så kan du melde deg på til kyrkjekontoret: 70080260 / kyrkjekontoret@heroy-kyrkje.no.
Er du litt i tvil? Møt opp på fyrste samling og sjå om det gjev meirsmak!