Home » Agentklubb B i Herøy kyrkje

Agentklubb B i Herøy kyrkje

Velkommen til Agentklubb B!

I vår startar vi ein eigen klubb for 5. klasse. Den kallar vi Agentklubb B.

Vi samlast den tredje onsdagen i månaden frå 13.30 til 15.30. Det blir satt opp eigen transport frå Kvalsund og Einedalen skule, så det er viktig med tidleg påmelding. Fristen for påmelding er slutten av januar 2016. Send påmeldinga til tru@heroy-kyrkje.no.

Det blir «agentoppdrag», leik, litt å bite i, andakt, aktiviteter, hobbyoppgåver, sprell i gymsalen og meir. Dei som har ansvar for klubbane er Karine Sæter, Karl Anders Brendmo og Anita Reite Onen.

Ta med 50 kr for vårsemesteret.

Ta kontakt dersom du lurer på noko!

Vennleg helsing Karl Anders, Anita og Karine

 

Datoar for Agentklubb B våren 2016:

17. februar

16. mars

20. april

18. mai