Home » Agentklubb A

Agentklubb A

Velkommen tilbake til Agentklubben!

Vi gler oss til å treffe deg att. På grunn av at denne klubben har blitt så populær, har vi vore nødt til å gjere ein del endringar i vår. 5. klasse får eigen klubb (Agentklubb B), og det blir klubb for 3. til 4. klasse (Agentklubb A).

3. og 4. klasse samlast annakvar tysdag etter skulen i oddetalsvekene kl. 13.30-15.30. NB: Ny tid! I tillegg er det fint om dei som ikkje kan være med i denne klubben vidare gir beskjed, da det er stor pågang på klubbane.

Det blir framleis «agentoppdrag», leik, litt å bite i, andakt, aktivitetar, hobbyoppgåver, sprell i gymsalen og meir. Dei som har ansvar for klubbane er Anita Reite Onen og Karine Sæter. På Agentklubb A blir også Karl Anders Brendmo, Ingrid Warholm og Zhana Popova Pedersen med som vaksne.

Ta med 50 kr for vårsemesteret.

Ta kontakt dersom du lurer på noko!

Vennleg helsing Anita og Karine

Anita: Koordinator@herøy-kyrkje.no

 

DATOAR FOR AGENTKLUBB A VÅREN 2016

19. januar

2. februar

16. februar

1. mars

15. mars

29. mars

12. april

26. april

10. mai

24. mai