Home » Ledig stilling som dagleg leiar/kyrkjeverje

Ledig stilling som dagleg leiar/kyrkjeverje

Herøy er ei kystkommune med om lag 8 900 innbyggjarar busett på øyer bundne saman av bruer. Kommunesenteret vårt er den levande kystbyen Fosnavåg. Kommunen vår ligg heilt sør i Møre og Romsdal, og vi er landfast til flyplass i Ørsta/Volda (3 kvarter) og til Austlandet gjennom flotte veganlegg. Fosnavåg ligg om lag 5 kvarter reisetid sør om Ålesund. I Herøy er det fantastisk natur med gode moglegheiter til eit aktivt friluftsliv på sjøen eller i fjellet, og her er eit  levande lokalmiljø (sjå www.havlandet.no). Herøy har gode skuletilbod og full barnehagedekning. Næringslivet i Herøy er allsidig, og det er eit godt servicetilbod til innbyggarane.

Herøy kommune har 3 sokn med ei kyrkje i kvart sokn. Kommunen har 8 gravplassar.

Vi har ein stor stab med brei kompetanse; barne- og ungdomsdiakon, 2 kyrkjelydspedagogar, kantor, organist, sekretær, klokkar, kyrkjetenarar, gravplassarbeidarar, og 2 prestar. Heile staben er lokalisert i felles administrasjon i Herøy kyrkje, med adresse Fosnavåg. Herøy kyrkje er ei stor og flott arbeidskyrkje som rommar kyrkjeskip, kapell, kyrkjelydsdel, kontor, open barnehage og ungdomsavdeling med eigen aktivitetshall.   

Dagleg leiar/kyrkjeverje

100% fast stilling frå 01.05.2022

Ansvar og arbeidsoppgåver

  • Dagleg leiar for fellesrådet si verksemd etter Kirkeordning for den Norske kirke § 17 og andre gjeldande lover og forskrifter
  • Dagleg leiar for kyrkjekontoret
  • Personal- og HMS ansvar for fellesrådet sin tilsette
  • Budsjett- og økonomiansvar
  • Sakshandsamar for fellesrådet og ansvarleg for gjennomføring av vedtak
  • Utarbeide og gjennomføre planar og prosjekt
  • Ansvar for drift, forvalting og utvikling av gravplassar og kyrkjer
  • Oppretthalde kyrkja si gode kontakt med kommunen og andre samarbeidspartnarar i og utanfor lokalsamfunnet

Kvalifikasjonar

  • Relevant utdanning på bachelor-nivå eller høgare, innan leiing, økonomi eller offentleg forvalting
  • Kjennskap til kyrkjeleg forvalting og organisering
  • IKT kunnskap

Personlege kvalifikasjonar

  • Vi søkjer ein leiar som er god til å kommunisere, inspirere og som har gode samarbeidsevne
  • Er løysingsorientert, engasjert og skaper gode relasjonar
  • Har evne og vilje til å leie endringsprosessar
  • Evne til både å ta og gjennomføre avgjerder
  • Gode evner til norsk munnleg og skriftleg kommunikasjon
  • Ønsker å arbeide for kyrkja sine mål og visjonar, lokalt, nasjonalt og globalt

Vi tilbyr

Ein triveleg arbeidsplass i kontorfellesskap

Utfordrande og meiningsfylte arbeidsoppgåver  

Løn etter avtale og medlemskap i KLP

Hjelp til å skaffe husvære

Søkjar må ha sertifikat og disponere bil. Ein del av arbeidet skjer på kveld og helg.

Den som blir tilsett må vere medlem av DNK.

Ta gjerne kontakt med leiar i Herøy kyrkjelege fellesråd Hallgeir Frøystadvåg tlf. 901 05 611 eller kyrkjeverje Marit Sævik Leinebø tlf. 418 60 781

Søknad med CV sendast kyrkjekontoret@heroy-kyrkje.no Søknadsfrist 13.03.22