Home » 10.mars kl 19.00: «Torsdag i kyrkja»

10.mars kl 19.00: «Torsdag i kyrkja»


Samlingane på torsdagskveldane i Herøy kyrkje har sett seg som gode møteplasser for mange. Dette er samlinger som kan høve for dei fleste vaksne.

Kl 19.00: Den fyrste timen er det fokus på fellesskap. Etter 2 år med pandemi er det godt å kunne gå ut og ta ein kopp kaffe og ein god prat over bordet saman med mange andre. Samtidig er kyrkjerommet open for lystenning eller for å finne roa i kyrkjerommet.

Kl 20.00: Den andre timen er det variert program frå gong til gong, frå temakveld til lovsongskveld.
Denne torsdagen  10.mars får dei frammøtte ein halvtimes innføring i emnet “Å vere kyrkje” ved prostiprest Kjell-Roger Isene. Han har vore sokneprest i mange år, og er no i ei prostipreststilling dvs han kan arbeide i heile prostiet der det trengs mest. 

Kjell-Roger Isene har no hatt fleire langtidsvikariat i Herøy dei siste åra, og kjenner etterkvart heile Herøy godt gjennom at han har gjort teneste ved mange gudstenester og gravferder. Etter hans innlegg vert det høve til å samtale over emnet  to og to, og så vert det høve til å kome med spørsmål eller kommentarer.   Kvelden blir avslutta med ein kveldssalme. Her er alle velkomen. Arr.: Torsdag i kyrkja.