Home » VIGSLING AV KATEKET OG UTDELING AV 4 ÅRSBOK

VIGSLING AV KATEKET OG UTDELING AV 4 ÅRSBOK

På søndag ynskjer vi alle velkomne til Herøy Kyrkje. Då kjem blant anna biskopen for å vigsle Elise Frøyen til kateket. 4 åringane kjem til kyrkje for å ta i mot 4 årsbøkene sine og for å hjelpe til under samlingsbøna. Det er også ein stor festdag for dei to familiane som skal ha barnedåp denne dagen. Midtveis i Gudstenesta kan barna få lov til å trekke ned i kyrkjekjellaren der vi har ei lita overrasking til dei. Etter Gudstenesta er det berre å stoppe igjen. Mykje gode kaker med drikke til. Det blir laga til ekstra fint denne dagen når vi skal feire både 4 åringane og Elise. Vel møtt alle saman!