Roar Hagen, VG sin profilerte karikaturteiknar, er samtalegjest i kveldsmessa i Herøy kyrkje komande søndag. Han er ekte sunnmøring, fødd og oppvaksen i Ørsta, og har dei siste 30 åra vore teiknar i VG. Der har han dagleg kommentert aktuelle hendingar med streken sin, og han har etterkvart fått eit ry som ein av dei mest ettertrakta teiknarane i norsk presse. Teikningane hans er gjengjevne i både Die Zeit, Der Spiegel og Newsweek. Nyleg fekk Roar Hagen prisen for ”Årets avistegning” i Norge. Søndag kveld blir han å høyre i kveldsmessa i Herøy kyrkje, i samtale med Torill Myren, tidlegare journalist i Sunnmørsposten som nyleg fekk pris for “Årets nettsak”.
Som musikalske gjester kjem koret FaSong. Det er eit kammerkor som starta på Uppheim i Volda i 1999. Dei syng både jazz, latinamerikansk musikk og salmar, og vert leia av Gaute Øvereng som også komponerer mykje av det dei framfører.Til jul for to år sidan gav dei ut CD-en ”Alle våre draumar”. I Herøy kyrkje vil dei presentere salmetekstar med eigne melodiar, og ein av songane blir faktisk ein urpremiere!
Seniorprest Bjørn Leinebø er liturg, kantor Dag Johan Flattun sit ved orgelet og Alette Teige leier kveldsmessa. Eit kvarter på førehand blir det salmeøving, for å få til den rungande salmesongen som har blitt eit kjenneteikn for kveldsmessene i Herøy kyrkje. Og etterpå er det kaffi på kyrkjetorget.