Herøy: Samlingane på torsdagskveldane i Herøy kyrkje har sett seg som ein god møteplass for mange vaksne. Her kan du kome og gå som det passer for den enkelte kvar torsdag kveld.
Den fyrste timen er det fokus på ein god prat på kyrkjetorget over ein kopp kaffe med noko attåt. Samtidig er kyrkjerommet ope med sakral musikk der ein kan setje seg ned og/eller tenne lys for verdensfreden eller liknande.
Den andre timen blir det variert program frå torsdag til torsdag.
Komande torsdag, 1.september, vert det ei songsamling i kyrkjelydssalen. Organist og kantor Dag Johan Flattun sit ved pianoet, og det vert invitert til å synge med på “kjære og kjende salmar”.
Kom og ver med i allsongen – frå heile Herøy – og meir til!
