Home » Velkomen til Kveldsmesse med Vestlandsnyttjournalist og blandakor

Velkomen til Kveldsmesse med Vestlandsnyttjournalist og blandakor

Det blir inntrykk frå Ørsta i Kveldsmessa i Herøy kyrkje søndag 27.mars kl 19.
Geir Egil Eiksund, ekte Ørsting, er samtalegjest og blandakoret Ervingen frå Hovdebygda kjem for å syngje for og med oss.
Geir Egil Eiksund er journalist i Vestlandsnytt, lokalavisa vår. Han er oppvaksen i Ørsta, var aktiv i Ørsta frikyrkje som barn og ungdom, og sto fram som homofil i vaksen alder. Han har gjeve ut ei barnebok der kjønnsidentitet er tema. Boka har fått god omtale, både på grunn av måten han handsamar tema og på grunn av ei særs god språkføring. I Kveldsmessa fortel han om livet sitt i samtale med Norunn Aksnes.
Ervingen er eit tradisjonelt og livskraftig blandakor med base i Hopvdebygda i ørsta. Dei var gjestar i Kveldsmessa for ein god del år sidan, og no kjem dei på nytt besøk.
I Kveldsmessa blir det fleire salmar å synge med på, og det vert forbøn og nattverdens sakrament. Liturg er fung sokneprest Solfrid Leinebø Seljås, organist er kantor Dag Johan Flattun og klokkar Ingrid Warholm les tekstene. Etter Kveldsmessa vert det høve til å stanse igjen for ein kopp kaffe og ein god prat på kyrkjetorget eller inne i kyrkjelydssalen.
Vi har plass til mange, og håper at mange tek turen til Kveldsmessa komande søndag!!