Home » “Vekkingsrørsler på Sunnmøre”

“Vekkingsrørsler på Sunnmøre”

Herøy: Komande torsdag, 20.april kl 19-21 er det «Torsdag i kyrkja» igjen, denne møteplassen som fleire og fleire set pris på, i Herøy kyrkje, kvar torsdag kveld. Den fyrste timen vert det open kyrkje med moglegheit for lystenning i kyrkjerommet og ein kaffikopp og ein prat på Kyrkjetorget. Ta gjerne med strikketøy, eller delta på mannstrimmen i gymsalen i kyrkjekjellaren den fyrste timen. Den andre timen har eit tema. Denne gongen kjem Helge Håberg tilbake med del 3 av foredraget han hadde over temaet «Anna med barnet og møte med Herøy. Tru for 200 år sidan.»


Håberg heldt 2 foredrag for over 60 frammøtte to torsdagar i februar i kyrkjelydssalen ved sidan av kyrkjerommet. Det var ei engasjert forsamling som også fekk høve til å kome med replikkar og spørsmål til foredragshaldaren på slutten av timen. Helge Håberg fortalte om Anne Margrethe Irgens Holst som levde i åra 1799 -1841 og som seinare vart kalla «Anna med barnet». Alle som har vore på øya Herøy har sett det store jernkorset på den gamle kyrkjestaden der det står med store bokstavar ANNA MED BARNET. Anna hadde bakgrunn frå storgarden Gjørv på Inderøy. Ho kom til Herøy og var gift med Johan Christopher Brun som levde frå 1794-1865. Vi fekk høyre om livet deira i Voldsund der dei budde, men også om levekår og tru på den tida.


Helge Håberg fortset komande torsdag med del 3 i foredragsserien dvs det står på eigne bein. Han vil ta fatt der han slapp og gå vidare inn i 1800-talet. 
Korleis gjekk det med etterkomarane til Anna og Christopher? Korleis var tilhøva her på den barske Sunnmørkysten. Var det meir enn hardt slit på 1800-talet for å berge seg og familien med det som havet gav og det du fekk opp av jorda og kanskje nokre husdyr? Dei fleste familier hadde ein Bibel og kanskje ei salmebok. Korleis arta tru seg den gongen, utanom plikt til å gå til kyrkje kvar søndag.
Leikong fekk kyrkje sett opp i 1872, men for resten av Herøy var kyrkja på øya Herøy fram til 1916. Då starta ei ny tid, med ny kyrkje i Stoksund og flytting av kyrkja frå Herøy til skaret i Fosnavåg og også fordi at bygdene hadde fått bedehus. Fleire og fleire kunne gå til bedehus eller kyrkje, og det gjorde noko med bygdene og folket. Korleis kom vekkinga til å prege folket etterkvart. Helge Håberg har teke ein master på dette med vekkingsrørslene, og vil ause av sin kunnskap på emnet denne gongen også.  Velkomen frå heile Herøy og meir til, på torsdag til Herøy kyrkje, for kaffi og prat på kyrkjetorget og/eller eit spennande foredrag.


Arrangør er: Den Norske Kyrkje i Herøy.