Home » Val til Møre bispedømmeråd / Kyrkjemøtet – resultat

Val til Møre bispedømmeråd / Kyrkjemøtet – resultat

Røystene frå direktevalet av medlemmer til Møre bispedømmeråd for perioden 01.01.2016 – 31.12.2019 er ferdig talde. Medlemmane i Den norske kyrkja i Møre bispedømme har valt 4 leke medlemmar frå listene til Nominasjonskomiteens liste og Liste for Åpen folkekirke. Det er òg valt eit lekt kyrkjeleg medlem mellom dei tilsette i fellesråda i bispedømmet og ein prest mellom dei tilsette prestane i bispedømmet. Biskopen er fast medlem av bispedømmerådet. Innan 1. desember 2015 skal dei nyvalde sokneråda i bispedømmet velje 3 leke medlemmar frå listene til Nominasjonskomiteens liste og Liste for Åpen folkekirke. Møre bispedømmeråd har, som for kyrkjevalet i 2009 og 2011, gjort vedtak om at alle sokn i bispedømmet ved sokneråda skal medverke til samansettinga av bispedømmerådet. Sju leke varamedlemmar skal først utpeikast etter at begge valomgangar er gjennomført.

Val av leke medlemmar            

Totalt 30.201 røystesetlar er fordelt på:

Liste for Åpen folkekirke       16.314  – av desse er 9.245 uretta og 7.069 retta.

Nominasjonskomiteens liste   13.887  – av desse er 6.604 uretta og 7.283 retta.

Mandatfordeling

Liste for Åpen folkekirke       2

Nominasjonskomiteens liste   2

Liste for Åpen folkekirke

1 Therese Kristin Børnes Utgård, 36 år, Sykkylven, Lege.

2 Maren Elgsaas Jenssen, 20 år, Kristiansund, Student.

Nominasjonskomiteens liste

1 Ann-Kristin Sørvik, 58 år, Bremsnes, Sjølvstendig næringsdrivande/Kyrkjetenar.

2 Frode Rabbevåg, 56 år, Molde, Dagleg leiar.

I Møre bispedømme har 17,2 % av 177.717 kyrkjemedlemmar i Den norske kyrkja røysta i direktevalet av leke medlemmar til bispedømmeråd / Kyrkjemøtet. Dette er ein auke på 31,0 % frå 13,2 % i 2011.

Val av lek kyrkjeleg tilsett medlem

Olav Christian Rønneberg, 60 år, Ørskog, Kateket.               86 røyster

Varamedlem

Aud Toril Gagnat, 52 år, Gjemnes, Kyrkjeverje.                               86 røyster

Olav Christian Rønneberg vart utpeika ved loddtrekking. I Møre bispedømme har 68,7 % av 265 leke kyrkjeleg tilsette røysta.

Val av prest

Per Eilert Orten, 60 år, Aure, Sokneprest.                              52 røyster

Varamedlem

Ragnhild Lakang Nordmark Due, 33 år, Nesset, Sokneprest. 40 røyster

I Møre bispedømme har 81 % av 90 prestar tilsett i offentleg kyrkjeleg prestestilling røysta.

Resultat av soknerådsvala er kunngjort på www.kyrkjevalet.no og http://kirken.no/moreVa15