Home » UTSENDINGSGUDSTENESTE – Felles gudsteneste i Herøy Frikyrkje.

UTSENDINGSGUDSTENESTE – Felles gudsteneste i Herøy Frikyrkje.

Søndag 28. august, 2022 11:00:

Denne søndagen deltek vi i ei fellesgudsteneste i Herøy Frikyrkje der vi skal få be for og sende ut att misjonærane våre, Cecilie og Stephen Thomas, til Madagaskar. Der arbeider dei for eit lokalt bibelomsetjingsprosjekt kalla TiBT. Familien er utsendt i samarbeid mellom Wycliffe og NMS, og både Herøy Frikyrkje og Herøy kyrkje/sokn støttar misjons- og bibelomsetjingsprosjektet dei arbeider med.

Fleire deltek i gudstenesta:

Dagleg leiar i Wycliffe Norge, Agnes Lid, talar.

NMS er representert ved Arild Bakke, mangeårig NMS-misjonær.

Sokneprest Solfrid Leinebø Seljås, pastor Knut-Magne Dalsbø, forsongarar og band m.fl. Det vert nattverdfeiring.

Etter gudstenesta vert det kyrkjekaffi med helsingar.

Alle er velkomne til gudstenesta!