Kvart år inviterer vi 3. klasse til noko heilt spesielt. Dette spesielle kallar vi Tårnagenthelg. Tårnagenthelg foregår laurdag og søndag formiddag i kyrkja. Desse dagene går 3. klasse frå å vere heilt vanlege 3. klassingar til å bli agentar.
Agentane vil gjennom desse dagane måtte løyse oppdrag og mysterium, de vil få ein eigen agentkode og på søndagen vil alle som kjem til kyrkja får vite kva agentane har funne ut.
Har du lyst å gå på symboljakt i kyrkja? Lurer du på kva slags mysterium du finn i bibelen? Likar du agentmat? Veit du at det står noko utanpå alle kyrkjeklokkene i landet?
Kom og bli med da vel! Dette er eit høgdepunkt!