Home » Lys Vaken

Lys Vaken

Laurdag ettermiddag brakar det laus med ”LysVaken” i Leikanger kyrkje. Det er 5. klassingar frå Indre Herøy og Leikanger sokn som skal på overnatting i kyrkja. Laurdag skal dei leike, forberede gudsteneste, ete pizza og sjå film, før vi finn liggeunderlaget og soveposen sånn utpå kvelden. Søndag tek vi med oss tinga våre ned på kyrkjelydshuset og et frukost der, før vi går opp i kyrkja og øver ein gong til på gudstenesta. Gudstenesta er kl. 11.00, og da er foreldre, besteforeldre, vener og naboar og alle andre hjerteleg velkomne. På gudstenesta blir det utdeling av bok til dei som går i 5. klasse. Etter gudstenesta koser vi oss med kaker og kaffi i kyrkja. Vi gler oss!

zreatu0bymrva0qu5jwqvrpqLysVaken_logo_uten_tekst_NN