Home » Konfirmasjon

Konfirmasjon

KONFIRMANTBROSJYRE 20222023

«For digital påmelding:

https://minkirkeside.no/heroy

For dei som lurer på interessegruppene, og synast det er vanskeleg å velje, får de ei oversikt her:

Leirleiar
Dette er ei gruppe for dei som synast leir er kjekt, og som gjerne vil ha trening å vere leiar. Dei får delta som leiarar på minst ein leir i løpet av året, og trening og undervisning i interessegruppa.
Krik Villmark
Ei gruppe for dei som likar å vere ute i naturen i all slags ver og gjennom alle årstidene. Fjell og fjøre, aking og kano, hav og og land.
Gjenbruk
Her får ein sjå verdien av å ikkje kaste, men vidareføre til ny eigar. Ein får også trening i å vere i ein butikk og hjelpe til med det som trengst. NMS Gjenbruk har butikk i Myrvåg, og her er basen til denne gruppa. Her kan ein kome rett etter skulen.
Filmkveld
Likar du å sjå på film? Her får du sjå filmar med meining i! Det vert også tid til samtale og refleksjon rundt tematikken i filmen.
Spelekveld
Likar du å spele spel, eller kort, men så har dei vaksne ikkje tid til å spele med deg? Då er dette gruppa for deg. Å spele spel er både sosialt og kjekt, og her har vi tid til kvarandre.
Musikk og band
Spelar du eit instrument, eller likar du å synge? Kanskje til og med begge deler? Det er veldig stilig når vi får til eit eige band av konfirmantar, og når konfirmantar er forsongarar på gudstenester. Her får du god trening i samspel; å spele saman med andre og gjere kvarandre gode. Songen er også viktig her.
Lyd og teknikk
Er du interessert i det tekniske bak lyden i kyrkja? Kan du tenkje deg å lære deg med lyd og teknikk? Likar du musikk, men aller best når andre spelar og syng? Då er dette gruppa for deg.
Bibel og «bollar»
I denne gruppa får du, saman med andre konfirmantar, kome heim til nokon. Her er det trygt å stille spørsmål, og snakke saman om ulike tema. På denne gruppa er det tid, omsorg og bollar (eller noko anna godt).

Interessegruppene er fyrst og fremst “kosegrupper”, der vi får vere saman og ha det kjekt og sosialt. Nokre grupper serverer litt snacks også, om det passar slik.

Interessegruppene, unntatt Gjenbruksgruppa, er på ein vekedag som passar for den som har det og konfirmantane som vel det. Dag vert de samde om fyrste gongen de møtast.

Det er ca 6 interessegruppe-samlingar i året.

Lykke til med Interessegruppe-valet!