Home » 8 år – Hausttakkefest

8 år – Hausttakkefest

I september er alle 8-åringar invitert til å feire hausttakkefest i kyrkjene.
Her skal vi lære om kvifor ein syng for maten, og vi skal feire og takke for alt det gode Gud har skapt og gjeve oss. Vi skal ha to samlingar der vi syng saman, høyrer forteljingar frå Bibelen om korleis Gud møter mennesker, og vi skal lære meir om bøn. På slutten av samling 2 skal vi lage til eit langbord og feire hausttakkefest. Her er både foreldre/føresette, besteforeldre og søsken invitert. I tillegg deltek ein på gudsteneste på søndagen etter siste samling, og markerer hausttakkefest saman med kyrkjelyden.

8 år – Hausttakkefest 2018
Hausten 2018 er det då 2010-kullet som vert invitert til kyrkjene, og vi skal ha samlingar i veke 38 og 39.

Dei som høyrer til og bur i Indre Herøy og Leikanger sokn vert invitert til 2 samlingar i Indre Herøy kyrkje:
Tysdag 18.september kl.17:30-19:00
Tysdag 25.september kl.17:30-19:00

Dei som høyrer til og bur i Herøy sokn vert invitert til 2 samlingar i Herøy kyrkje:
Onsdag 19.september kl.17:30-19:00
Onsdag 26.september kl.17:30-19:00

Om det er slik at dei datoene de vert invitert til ikkje passar, så kan ein delta på samling dei andre dagane. Til dømes: Om ein høyrer til Indre Herøy sokn men ikkje kan på tysdagssamlingane, men har moglegheit til å vere med på onsdagane i Herøy kyrkje så er det fullt mogleg. Opplegget er det same begge stader.

Søndag 30.september skal vi delta på gudsteneste i saman med dei andre som går i kyrkja.
Leikanger og Indre Herøy kyrkjelyd: Gudsteneste i Indre Herøy kyrkje kl.11:00. Her er vi saman med 4-åringane.
Herøy kyrkjelyd: Gudsteneste i Herøy kyrkje kl.11:00

Mat og drikke
Vi skal ha litt frukt og saft på første samlinga. På samling 26.september skal vi dekke til langbord og ete pizzabollar.

Trusopplæring for alle
Born er forskjellige, og kvar og ein ser verda frå sin stad.
Nokre av oss har meir behov for tilrettelegging enn
andre, og ikkje alle behov er like synlege. Er det noko de
som føresette meiner vi må vere merksame på når det
gjeld dykkar barn, så ta kontakt så vi kan legge til rette.

Påmelding
Påmelding til «Hausttakkefest» kan du sende til tru@heroy-kyrkje.no
eller på telefonr: 70080260. Påmeldingsfrist er sett til fredag 14.september
Påmeldingsskjema:
Namn:______________________________
Namn føresette:________________________
Tlf/e-post føresette:_____________________
Tillet de at det kan takast bilete som blir publisert utan namn?: Ja / Nei.
Kan bake pizzabollar til samling 26.september: Ja/Nei.
Er det noko vi må vere merksame på / tilrettelegge spesielt for at ditt barn skal ha godt utbytte av samlinga kan de notere det her:_______________________________

Englevakt
Om det er nokon føresette/foreldre/besteforeldre som kan og vil vere saman med oss under samlinga er de hjarteleg velkomne til det:

Helsing tilsette og frivillige i Indre Herøy kyrkjelyd, Leikanger kyrkjelyd og Herøy kyrkjelyd