Home » 4 års bok

4 års bok

Vi ynskjer å gjere stas på fireåringane våre! Derfor har vi kjøpt inn ein fireårsbok vi vil gje til dei. Denne boka deler vi ut på ein familiegudsteneste. I forkant av familiegudstenesta inviterer vi til en samling i kyrkja. Der øver vi inn nokon songar fireåringane skal syngje på gudstenesta. Det vert undretur i kyrkja og dei får høyre ein forteljing. Invitasjonar kjem i posten når det nærmar seg. Velkomen! 

4-årsbok hausten 2017

Indre Herøy og Leikanger sokn:
Til helga (laurdag 30.september og søndag 01.oktober) er alle 4-åringar som bur i Indre Herøy og Leikanger sokn inviterte til samling i Indre Herøy kyrkje.
Laurdag 30.september kl.12:00-13:30: Vi samlast til undretur i kyrkja, vi skal synge songar og høyre ei forteljing.
Søndag 01.oktober kl.11:00 er de invitert til familiegudsteneste i Indre Herøy kyrkje å få utdelt 4-årsboka “Mi kyrkjebok”.
Påmelding skjer til tru@heroy-kyrkje.no eller tlf: 70080260 innan fredag 29.september.
Velkomen både 4-åringar og føresette!

Herøy sokn:
Samling for 4-åringane i Herøy kyrkje og familiegudsteneste med utdeling av 4-årsbok er i veke 42 (veka etter haustferien).
Torsdag 19.oktober kl.17:00-18:30: Vi samlast til undretur i Herøy kyrkje. Vi skal ete suppe, synge songar og høyre ei forteljing om Jesus.
Frå 16:45-17:15 vert det suppe i kyrkjelydssalen, så om de ønskjer kan de kome litt før.
Søndag 22.oktober kl.11:00 er de invitert til familiegudsteneste i Herøy kyrkje der 4-åringane skal få utdelt boka “Mi kyrkjebok”.
Påmelding skjer til kateket@heroy-kyrkje.no eller tlf: 70080260 innan måndag 16.oktober. 

Velkomen både 4-åringar og føresette!

Sjå vedlagt link under for meir informasjon:

InvitasjonogPåmeldingsinformasjon-4åringar


Mi kyrkjebok 4