Home » TRUSOPPLÆRAR I HERØY?

TRUSOPPLÆRAR I HERØY?

Herøy er ei kystkommune med om lag 8 900 innbyggjarar busett på øyer bundne saman av bruer. Kommunesenteret vårt er den levande kystbyen Fosnavåg. Kommunen vår ligg heilt sør i Møre og Romsdal, og vi er landfast til flyplass i Ørsta/Volda (3 kvarter) og til Austlandet gjennom nye flotte veganlegg. Fosnavåg ligg om lag 5 kvarter reisetid sør om Ålesund. Her er ein flott og variert natur med gode høve til eit rikt friluftsliv på sjøen eller fjellet. I tillegg er det eit rikt kulturliv innanfor mange områder. Herøy har gode skuletilbod og full barnehagedekning.

I fellesrådsområdet er det 3 sokn med ei kyrkje i kvart sokn; Indre Herøy kyrkje, Leikanger kyrkje og hovudkyrkja Herøy kyrkje som ligg i Fosnavåg. Staben i Herøy tel i alt 14 personar med 3 prestar, kyrkjelydspedagog, barne- og ungdomskoordinator, 2 organistar, sekretær, kyrkjetenarar, klokkarar og kyrkjeverje. Staben har kontorfelleskap i Herøy kyrkje.

Herøy kyrkje er ei stor og flott arbeidskyrkje som vart vigsla i 2003. Kyrkjebygget rommar kyrkjeskip, kapell, kyrkjelydsdel, kontor, ungdomsavdeling med eigen aktivitetshall, open barnehage og kafé. Lokala i Herøy kyrkje er svært eigna til å drive barne- og ungdomsarbeid.

 

Herøy kyrkjelege fellesråd søkjer

Trusopplærar

 

Det er ledig 100% stilling som trusopplærar i Herøy kyrkjelege fellesråd frå 01.08.16. Den ledige stillinga er eit vikariat fram til 31.07.18 med moglegheiter for fast tilsetjing.

 

Arbeidsoppgåver for trusopplærar:

  • Leie trusopplæringa med visjonen «I møte med Jesus» for dei 3 sokna
  • Vidareutvikle og drive trusopplæring etter nyleg vedteken trusopplæringsplan for alle døypte frå 0-18 år i kyrkjelydane. Trusopplæringa skjer med forankring i kyrkjelydane sine eksisterande aktivitetar og i nært samarbeid med andre tilsette og frivillige
  • Planlegge, promotere, gjennomføre og evaluere trusopplæringstiltak
  • Leie trusopplæringsutvalet
  • Ha aktiv kommunikasjon med sokneråda, andre relevante råd/utval og rekruttere og rettleie frivillige medarbeidarar
  • Ta del i anna eksisterande kyrkjelydsarbeid for barn og unge, samt konfirmantarbeid, i team med kyrkjelydspedagog og barne- og ungdomskoordinator
  • Medadministrator av heimeside og facebook

 

Kvalifikasjonar for trusopplærar

  • Relevant utdanning med pedagogikk og kristendom i fagkretsen og/eller anna relevant utdanning.
  • Personlege eigenskapar og relevant erfaring kan erstatte manglande utdanning
  • Erfaring med planarbeid og undervisning er ønskeleg
  • Relevant erfaring frå kristent barne- og ungdomsarbeid vert vektlagt

 

I tillegg ynskjer vi at trusopplæraren er:

  • Kontaktskapande med evne og vilje til å skape godt samarbeid mellom heim og kyrkje
  • Glad i å arbeide med barn og ungdom
  • Flink å formidle
  • Ein god motivator som brenn for barn og Jesus
  • Open for samarbeid med andre kyrkjesamfunn
  • Glad i song, musikk og friluftsliv
  • Erfaren i bruk av IKT-verktøy og med god kjennskap til bruk av sosiale media

 

Søkjar må vere medlem av Den norske kyrkje. Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar og evne til samarbeid. Søkjar må også kommunisere godt på norsk, både munnleg og skrifteleg. Søkjar må ha sertifikat og disponere bil.

Løn og godtgjering etter gjeldande tariffavtale. Pensjonsordning i KLP.

Fellesrådet vil hjelpe til å skaffe husvære.

Spørsmål kan rettast til kyrkjeverje Marit Sævik Leinebø tlf. 70 08 02 60

 

Søknad med vitnemål og attestar vert å sende til

Herøy kyrkjelege fellesråd, Lisjebøvegen 1, 6091 Fosnavåg / kyrkjeverja@heroy-kyrkje.no innan 03.06.16

For meir info, sjå www.heroy-kyrkje.no