Home » Torsdag 24.mars kl 19: “Torsdag i kyrkja”

Torsdag 24.mars kl 19: “Torsdag i kyrkja”

Du er velkomen til å kome til Herøy kyrkje på torsdag for opa kyrkja med lystenning for den som ynskjer det i kyrkjerommet og/eller fellesskap på kyrkjetorget over ein kopp kaffe.Frå kl 2000 er det program i kyrkjelydssalen ved Bjørn og Johanne Leinebø m.fl. med fokus på bibeltekstene for komande søndag som vert kalla for Marias bodskapsdag. Tekstene blir lesne, så vert det samtale rundt borda og noko samtale i plenum. Ein kveldssalme passer som avslutning. -Desse samlingane i kyrkja på torsdagane har sett seg som gode møteplassar for mange. Du er velkomen – frå heile Herøy – og meir til!