TRUSOPPLÆRAR I HERØY?
Herøy er ei kystkommune med om lag 8 900 innbyggjarar busett på øyer bundne saman av bruer. Kommunesenteret vårt er den levande kystbyen Fosnavåg. Kommunen vår ligg heilt sør i Møre og Romsdal, og vi er landfast til flyplass i Ørsta/volda (3 kvarter) og til Austlandet gjennom nye flotte veganlegg. Fosnavåg ligg om lag 5 kvarter reisetid sør om Ålesund. Her er ein flott og variert natur med gode høve til eit rikt friluftsliv på sjøen eller fjellet. I tillegg er det eit rikt kulturliv innanfor mange områder. Herøy har gode skuletilbod og full barnehagedekning.
I fellesrådsområdet er det 3 sokn med ei kyrkje i kvart sokn; Indre Herøy kyrkje, Leikanger kyrkje og hovudkyrkja Herøy kyrkje som ligg i Fosnavåg. Staben i Herøy tel i alt 14 personar med 3 prestar, kyrkjelydspedagog, barne- og ungdomskoordinator, 2 organistar, sekretær, kyrkjetenarar, klokkarar og kyrkjeverje. Staben har kontorfelleskap i Herøy kyrkje.
Herøy kyrkje er ei stor og flott arbeidskyrkje som vart vigsla i 2003. Kyrkjebygget rommar kyrkjeskip, kapell, kyrkjelydsdel, kontor, ungdomsavdeling med eigen aktivitetshall, open barnehage og kafé. Lokala i Herøy kyrkje er svært eigna til å drive barne- og ungdomsarbeid.
Herøy kyrkjelege fellesråd søkjer
Trusopplærar
Det er ledig 100% stilling som trusopplærar i Herøy kyrkjelege fellesråd frå 01.08.16.Den ledige stillinga er eit vikariat fram til 31.07.18 med moglegheiter for fast tilsetjing.
Arbeidsoppgåver for trusopplærar:
- Leie trusopplæringa med visjonen «I møte med Jesus» for dei 3 sokna
- Vidareutvikle og drive trusopplæring etter nyleg vedteken trusopplæringsplane for alle døypte frå 0-18 år i kyrkjelydane.
- Trusopplæringa skjer med forankring i kyrkjelydane sine eksisterande aktivitetar og i nært samarbeid med andre tilsette og frivillige
- Planlegge, promotere, gjennomføre og evaluere trusopplæringstiltak
- Leie trusopplæringsutvalet
- Ha aktiv kommunikasjon med sokneråda og andre relevante råd/utval og rekruttere og rettleie frivillige medarbeidarar
- Ta del i anna eksisterande kyrkjelydsarbeid/konfirmantarbeid for barn og unge i team med kyrkjelydspedagog og barne- og ungdomskoordinator
- Medadministrator av heimeside og facebook
Kvalifikasjonar for trusopplærar
- Relevant utdanning med pedagogikk og kristendom i fagkretsen og/eller anna relevant utdanning.
- Personlege eigenskapar og relevant erfaring kan erstatte manglande utdanning
- Erfaring med planarbeid og undervisning er ønskeleg
- Relevant erfaring frå kristent barne- og ungdomsarbeid vert vektlagt
I tillegg ynskjer vi at trusopplæraren er:
- Kontaktskapande med evne og vilje til å skape godt samarbeid mellom heim og kyrkje
- Glad i å arbeide med barn og ungdom
- Flink å formidle
- Ein god motivator som brenn for barn og Jesus
- Open for samarbeid med andre kyrkjesamfunn
- Glad i song, musikk og friluftsliv
- Erfaren i bruk av IKT-verktøy og med god kjennskap til bruk av sosiale media
Søkjar må vere medlem av Den norske kyrkje. Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar og evne til samarbeid. Søkjar må også kommunisere godt på norsk, både munnleg og skrifteleg. Søkjar må ha sertifikat og disponere bil.
Løn og godtgjering etter gjeldande tariffavtale. Pensjonsordning i KLP.
Fellesrådet vil hjelpe til å skaffe husvære.
Spørsmål kan rettast til kyrkjeverje Marit Sævik Leinebø tlf. 70 08 02 60
Søknad med vitnemål og attestar vert å sende
Herøy kyrkjelege fellesråd, Lisjebøvegen 1, 6091 Fosnavåg / kyrkjeverja@heroy-kyrkje.no innan 08.07.16
For meir info, sjå www.heroy-kyrkje.no
BARNE OG UNGDOMSARBEIDAR
Ein unik kyrkjekjellar med kafe, vrimleområde, spelerom, gymsal/ aktivitetsrom i Herøy kyrkje står snart klar! Dette gir oss nye mulegheiter for eit variert og kreativt ungdomsarbeid i kyrkja.
Vil du vere med å koordinere og skape aktivitet blant barn og unge i kyrkjelyden?
Du vil verte med i teamet saman med trusopplærar, kyrkjelydspedagog og prestar!
For Herøy sokn er det ledig to stillingar. Stillingane kan søkjast på separat eller saman.
Ungdomskoordinator 40- 50%
Hovudoppgåver:
Leie, koordinerer og vidareutvikle Fredagstreffet med ein tydeleg kristen profil og klare grenser for ungdom.
Ha ei koordinerande rolle mot barne- og ungdomsarbeidet i den nye kjellaren, og vi ynskjer at du jobbar aktivt saman med ungdomane også inn mot gudstenester.
Du skal elles ta del i konfirmant,- KRIK og barne- og ungdomsarbeid elles i kyrkja. .
Mykje av dette arbeidet skjer på ettermiddags- og kveldstid, men du vil få ordna arbeidstilhøve med regulert fritid
Arbeidsstaden er i Herøy kyrkje, og du vil få kontorfelleskap med ein stor stab der det er 2 andre heile stillingar som jobbar med barne- og ungdomsarbeid i fellesrådsområdet.
Leiar Open barnehage 20%
Hovudoppgåvene å ha ansvar for drift av lavterskeltilbodet «Open Barnehage» som er lokalisert i eigne flotte lokale i kyrkjekjellaren. Open barnehage er kvar onsdag kl. 10-14.
I tillegg skal du ta del i teamarbeidet saman med ungdomskoordinator, trusopplærar og kyrkjelydspedagog i anna barnearbeid i kyrkjelyden.
Vi søkjer ein/fleire personar med eit kristent engasjement som kommuniserer godt og trivast med barn og ungdom!
Den som vert tilsett må vere medlem i Den norske kyrkje, ha sertifikat, disponere bil og beherske norsk både skriftleg og munnleg .
For begge stillingane gjeld at ein må vere medlem i den norske kyrkja.
For spørsmål om stillingane ta kontakt med kyrkjeverje Marit Sævik Leinebø mob 99566990, eller sjåwww.heroy-kyrkje.no
Søknad med CV sendast til kyrkjekontoret@heroy-kyrkje.no . Søknadsfrist 08.07.2016.