Home » Tips til HEIMEJUL

Tips til HEIMEJUL

«I wanna go home for Christmas, let me go home this year» synger Maria Mena, så vi kjenner det år etter år. Omsett til vår dialekt vert det omtrent slik: «Eg vil ha jula heime, kjenne kva heime er» som eg høyrer at fleire syng.

Det er mange måter å feire jul på, men for over ein halv million menneske i landet vårt, så er det vanleg å gå til kyrkje i jula og i nyttårshelga. Vi er glad for at det i år skal få vere ei normal julehøgtid i kyrkjene våre, etter to år med restriksjonar pga frykt for coronasmitte.

Kva pynter vi med i jula?
Kanskje kan ein snakke saman i jula med andre familiemedlemer om kvifor vi pynter juletreet slik vi gjer, etter gamal tradisjon, med stjerner, glitter, lys, engler og fugler? Mange pynter juletreet med mellom anna ei stjerne i toppen som kan minne oss om Betlehemsstjerna som skinte den fyrste julenatta og viste veg til stallen der det nyfødde Jesusbarnet var. Stjerna i toppen av juletreet kan også minne oss om at Jesus sa: «Eg er lyset i verda. Den som fylgjer meg skal ikkje vandre i mørkret, men ha livsens lys». Slik kan ein ta føre seg pynten på treet, og finne ut av den opprinnelege meininga bak den tradisjonelle julepynten.
Underst i dette dokumentet finn du ei liste over den symbolske meininga av mykje av julepynten på juletreet.

Lesing av juleevangeliet heime
Ein god tradisjon som mange er oppvaksne med, er å lese juleevangeliet frå Lukas evangelium kapittel to, når dei har sett seg til bords, på julaftan. Deretter kan ein til dømes synge nokre vers av julesongen «Eit barn er født i Betlehem». Slik kan mange skape litt ekstra høgtid i heimen på julekvelden. Mange ser kanskje også på NRK-TV og får med seg at Sølvguttene syng jula inn, før julemiddagen. Kanskje er dette jula då vi rundt i dei tusen heimane skal fornye nokre av desse gode, gamle juletradisjonane?

Tenn eit lys og sjå ein god film saman med heile familien
Veldig mange har tent dei 4 lysa i adventstaken, og sunge eit vers for eitt og eitt lys gjennom dei fire adventsvekene. Det er mange gode familiefilmer som heile familien kan sjå saman heime. Til dømes er filmen «Veien til Betlehem» god, både som teiknefilm, og med «levande menneske».

Oppleving rundt Herøy kyrkje
Dersom familien treng å lufte seg i løpet av jule- og nyttårshelgene, så kan ein gjerne legge turen innom Herøy kyrkje. Gå ein saktetur rundt kyrkja, og studer den store julekrybba m.m. i fleire vindauge. Herøy kyrkje har mange vindauge som du kan kome heilt inntil, både små og store. God julehøgtid til alle!

……………………………………………………

Julepyntens symbolske meining. 
Juletreet symboliserer frå gamalt av livets tre.
Og mange har tolka det på denne måten:  

Juletre: Juletreet symboliserer livets tre i Edens Hage, og Jesus som det eviggrønne tre. 
Juletrefot: Juletrefoten er tradisjonelt forma som eit kors, og minner om Jesu død på korset. 
Stjerne: Stjernen i toppen av treet symboliserer julestjerna over stallen i Betlehem. 
Glitter: Glitteret symboliserer stråler frå julestjerna, og minner om at vi alle er gjenskinn av Kristus som lys i verda. 
Flagg: Norske flagg kom til som juletrepynt i høve unionsoppløysinga frå Sverige i 1905, og symboliserer Norge som ein sjølvstendig nasjon. 
Lys: Juletrelysa symboliserer Jesus som verdens lys. 
Engler: Engler symboliserer dei som kjem med bod frå Gud. 
Kurver: Julekorgene har ofte form som hjerter, og minner om Jesu kjærleik til menneska.
Kuler: Julekulene er eit symbol på jordkloda, og Guds kjærleik til jorda. 
Epler: Epla minner om syndefallet i Edens Hage. 
Fugler: Fugler symboliserer Den HeilageAnde. 
Lenker: Julelenkene symboliserer solidaritet og samhold mellom menneska. 
Kristtorn: Kristtorn symboliserer Jesu tornekrone.