Home » «TENK, GUD SNAKKAR MITT SPRÅK!»

«TENK, GUD SNAKKAR MITT SPRÅK!»

LeoniFor oss som har Bibelen på vårt eige språk, kan det kanskje verke litt underleg. Men for den som aldri har høyrt Guds ord lese på sitt eige språk, men alltid har vore avhengig av at nokon er til stades og kan forklare Ordet, er dette stort.

«Tenk, Gud snakkar mitt språk!», høyrer me ofte når folk får delar av Bibelen på sitt eige språk. Gleda over å oppleve at Gud bryr seg så mykje om dei at han kommuniserer med dei på deira eige språk,  er overveldande. Eit nytt liv openberrar seg og plutseleg har eit folk som ikkje har kjent menneskjeverd, fått verdi som folk. Og veldig mykje av identiteten vår ligg nettopp i språket vårt.

På torsdag kl. 20.00 til 21.30 får me besøk i Herøy kyrkje. Dr. Leoni  Bouwer, leiar for Wycliffe sitt bibelomsetjingsarbeid på Madagaskar, vil saman med Johanne Leinebø  ta oss med inn i dette viktige, spennande men også veldig krevjande arbeidet. Kvifor trengst dette ? Kva er utfordringane ein møter i arbeidet?

Leoni Bouwer frå Sør Afrika, kjende tidleg på eit kall til å reise til Madagaskar som misjonær, men fyrst i midten av 90-åra, vart dørene opna på gløtt og førebuingane til det som i 2001 vart starta opp som Luke Partnership in Madagaskar, kunne begynne. For mange gassarar som hadde vokse opp med slagordet «Madagaskar, ein nasjon, eit folk, eit språk!» var det ikkje heilt lett å svelgje at forskningsrapporten/doktoravhandlinga hennar slo fast at det offisielle språket ikkje kommuniserte i store deler av landet. Mange har opp igjennom tidene undra seg over det store skiljet mellom kyst og innland og spurt om grunnen.  Me trur me har funne deler av svaret: Manglande kommunikasjon på grunn av store forskjelar i språk. I dag er filmen om Jesu liv slik Lukas fortel det, dubba til 10 regionale språk og Lukasevangeliet omsett til 9. Fleire av språkgruppene er full gang med andre bøker i NT.

«Torsdag i kyrkja» vil Leoni dele opplevingar med oss, på både  godt og vondt, frå eit arbeid ho, saman med mellom andre Johanne og Bjørn Leinebø, har stått i dei to siste ti-åra. Cecilie og Stephen Thomas vil gi oss ein smakebit på korleis me kan kommunisere bodskapen , sjølv om me ikkje har eit felles språk. Og rundt ein kaffikopp etterpå, vil det verte god anledning til samtale.