Home » Temakveldar i Herøy kyrkje

Temakveldar i Herøy kyrkje

Soknerådet har lenge hatt eit ynskje om å legge til rette for at ein kan samlast nokre kveldar der ein tek føre seg aktuelle tema. Og no har soknerådet klar ein plan.

NRK har tidlegare sendt ein serie på 7 episodar med tittelen ”Bibelen”. Denne serien kjem i reprise no i påska. Første program sendast måndag 14.april (dagen etter palmesøndag) og det sjuande og siste på 1.påskedag. Altså 7 kveldar på rad i påska i NRK TV 1 med sentrale tema frå bibelen på skjermen!

Serien er engelskprodusert, men har norsk teksting. Kvart program har tittelen ”The Bible: A History”, og så kjem der ein undertittel for kvart program som då følgjeleg angir kveldens særlege tema.

Soknerådet legg opp til 7 temakveldar der vi tek føre oss dei 7 emna som TV-serien viser. Vi tek sikte på å samlast den siste tysdagen kvar månad i kyrkja, og gjer det kvar gong slik at vi ser eitt av programma i lag, og deretter blir det samtale og meiningsytring om det emnet vi har sett. 7 tysdagskveldar altså, men ikkje på rad. Vi tek sikte på å ha 2 samlingar før ferien, 29.april og 27.mai. Dei neste 5 kjem etter sommarferien.

Temakveldane er sjølvsagt opne for alle, og vi trur at dei 7 emna er aktuelle og at vi kan få 7 spennande kveldar i kyrkja. Vi kjem tilbake med nærare førehandsomtale når desse 7 temakveldane nærmar seg.