Home » Temakveld om kvinner i Bibelen

Temakveld om kvinner i Bibelen

BBC sin dokumentarserie ”The Bible. A History” har tidlegare vore sendt på NRK, og også gått i reprise, no sist i påska i år. Programserien ligg på NRK si heimeside, og alle som har tilgang til internett, kan leite opp serien og sjå alle 7 episodane heime på dataskjermen.

Herøy sokneråd har teke utfordringa og brukar TV-serien ”Bibelen” som tema på sju tysdagskveldar, den siste tysdagen kvar månad. Somme av episodane kan vere vanskelege å få tak på, andre er enklare å gripe. Soknerådet har difor alliert seg med seniorprest Sjur Sæter som er med på kvar temakveld og vil vere med og geleide oss gjennom episodane.

Komande tysdag går vi laus på episode nr.4: ”Evas døtre”, om kvinner i bibelen. Dette er nok ikkje den enklaste av episodane. Programskaparen hevdar nemleg at kyrkjesoga har gjort urett mot mange av kvinnefigurane i bibelen, og ho vil difor at vi skal skrelle bort misvisande oppfatningar av desse kvinnene for å få fram det bibelen eigentleg vil fortelje om dei. Tysdag tek vi altså føre oss forteljingane om nokre av dei sterke og framtredande kvinnene i bibelen.

Alle er velkomne til å ta del. Og soknerådet stiller som vanleg med kaffi og te og ei enkel bevertning attåt.