Det er snart den siste tysdagen også denne månaden, og det betyr at vi samlast til ny temakveld i Herøy kyrkje tysdag 27.mai . Denne gongen tek vi utgangspunkt i det første programmet i TV-serien ”Bibelen”, og tek føre oss emnet ”Skapinga”.
Temaet er interessant. Spørsmålsstillinga er om dei som tek bibelen bokstaveleg, har rett, når dei hevdar at skapinga gjekk føre seg slik bibelen skildrar det, eller om det naturvitskapelege synet med Darwins teoriar i botnen, er det korrekte. For å sette det heile på spissen: Er vi skapte i Gudsbilde, eller stammar vi frå apene?!
Vi ser programmet i lag, og så vert det meiningsutveksling og samtale etterpå. Temakvelden startar kl.19, og Herøy sokneråd inviterer alle til å vere med, og syter også for at det vert mat og kaffi å få.