Home » Tårnagentsamling i Herøy Kyrkje

Tårnagentsamling i Herøy Kyrkje

Link til invitasjonsvideo: https://www.facebook.com/heroykyrkje/videos/1137054240093917

Kjære 3.klassing!

Har du høyrt om Tårnagenthelga som er berre for 3.klassingar? No er din tur! Har du lyst å gå på symboljakt i kyrkja? Lurer du på kva slags mysterium du finn i bibelen? Veit du at det står noko utanpå alle kyrkjeklokkene i landet? Vil du gå heilt til toppen av kyrkjetårnet? Over heile landet vil det i desse tider vere agentar i mange kyrkjer over heile Noreg. Vi håpar du har lyst å vere ein av dei! Det er heilt gratis!

Tid:        Laurdag 13.februar kl 12-14

eller:     Søndag 14.februar kl 12-14

Stad:     Herøy kyrkje

Til deg og dine foreldre/føresette

 

Herøy kyrkjelyd inviterer alle 3.klassingane i Ytre Herøy til å vere Tårnagentar i kyrkja. Her kan dei utforske kyrkja, bibelen, tårnet og klokkene. Agentane får løyse oppdrag og mysterium, og har eigne agentkodar. Vi har lov til å samle 20 born, og vel dermed å fordele kullet på to dagar. Vi serverer kjøpte bollar og saft, med hanskar, og er elles nøgne med smittevern gjennom handhygiene og avstand. Foreldre bør berre vere med inn i kyrkja dersom barnet treng det. Når de hentar borna, er det fint om de set av litt tid (ca 15 min) til å fylgje barnet opp i tårnet. De får vite tidspunktet for tårntur og henting når de melder på barnet. Det er viktig at de er presise, så vi ikkje treng å ha fleire enn 4 vaksne inne i kyrkja samtidig. Dei borna som ventar på tur, får leike i kyrkjekjellaren til det vert deira tur, mellom kl 14 og 15. Etter turen i tårnet, får de utdelt boka «Skatten i Liljedal» i gåve frå Herøy kyrkjelyd. Dei som ikkje vil i tårnet, får også sjølvsagt boka!

NB! Kyrkjetårnet i Herøy kyrkje er veldig høgt! Derfor kan vi ikkje ta med oss alle saman opp som ei gruppe, men i grupper på 4 barn og 4 vaksne + tilsette i kyrkja. Så dersom du har lyst opp, vert det moglegheit for det når du vert henta etter Tårnagentsamlinga, til eit gitt tidspunkt, men berre i følgje med ein ansvarleg vaksen.

Viktig: Ingen som er sjuke eller har symptom kan møte til Tårnagentsamling i kyrkja. Venligst gje beskjed om nokon som er påmeld får symptom og dermed ikkje kan kome. Om nokon kjem og har symptom, vil de få beskjed om å kome og hente dei. Vi håpar at alle er friske og klare for ei kjekk Tårnagentsamling!

Påmelding

Påmelding skjer innan onsdag 10.02.2021 til karl.anders.brendmo@heroy-kyrkje.no eller 41860789.

 

Informasjon ved påmelding:

Namn på agent:                                                                                                                                            

Adresse:________________________________________________________________

Spesielle ting vi bør vite (allergiar m.m.):                                                                                            

Namn føresett som skal vere med i tårnet:                                                                                        

Mobil føresett:  __________________________________________________________

E-post: _________________________________________________________________

Gje beskjed dersom de ikkje ynskjer at bilete eller film av barnet skal brukast til publisering.

Venleg helsing kyrkjelydspedagogane Karl Anders og Karoline,

og andre tilsette i Herøy kyrkje