Home » Tårnagenthelg

Tårnagenthelg

Kjære 3.klassing med føresette
Bli med på Tårnagenthelg
Laurdag og søndag 04. og 05. februar 2017
inviterer vi deg til å vere Tårnagent
i Herøy kyrkje

Herøy kyrkjelyd inviterer alle 3.klassingane i ytre Herøy til å vere Tårnagentar i kyrkja. Her kan du utforske kyrkja, bibelen, tårnet og klokkene. Agentane vil gjennom desse dagane måtte løyse oppdrag og mysterium, du vil få ein eigen agentkode og på søndagen vil alle som kjem til kyrkja får vite kva agentane har funne ut

Alle agentane bur heime, men vil vere saman både laurdag og søndag. Agentane møtest i kyrkja laurdag 04. Februar kl. 12:00. Vi held på til kl. 15:00. Søndag treffest vi igjen kl. 11:00 og held på til kyrkjekaffien er ferdig ca. kl. 13:00. Foreldre, søsken, besteforeldre og vener blir inviterte til gudstenesta. På den gudstenesta skal alle 3. klassingane få boka Skatten i Liljedal.
Kyrkjetårn, symboljakt eller oppdrag og mysterium
Har du lyst å gå på symboljakt i kyrkja? Lurer du på kva slags mysterium du finn i bibelen? Likar du agentmat? Veit du at det står noko utanpå alle kyrkjeklokkene i landet? Over heile landet vil det denne våren vere agentar i mange kyrkjer over heile Noreg. Vi vonar at du har lyst å vere ein av dei! Det kostar ingen ting å delta.

Kyrkjetårn
Kyrkjetårnet i Herøy er veldig høgt! Derfor kan vi ikkje ta med oss alle saman opp som ei gruppe. Men dersom du har lyst opp vert det moglegheit for det etter gudstenesta søndag, men berre i følgje med ein ansvarleg vaksen.

Påmelding
Påmelding skjer helst innan 02.02.17 til kateket@heroy-kyrkje.no eller 70080260
Helsing stab og sokneråd i Herøy kyrkje