Home » Tårnagenthelg i Herøy kyrkje

Tårnagenthelg i Herøy kyrkje

Laurdag og søndag 06. og 07. februar 2016 inviterer vi deg til å vere Tårnagent i Herøy kyrkje.

Herøy kyrkjelyd inviterer alle 3.klassingane i ytre Herøy til å vere Tårnagentar i kyrkja. Her kan du utforske kyrkja, bibelen, tårnet og klokkene. Agentane vil gjennom desse dagane måtte løyse oppdrag og mysterium, du vil få ein eigen agentkode og på søndagen vil alle som kjem til kyrkja får vite kva agentane har funne ut.

Alle agentane bur heime, men vil vere saman både laurdag og søndag. Agentane møtest i kyrkja laurdag 06. februar kl. 12:00. Vi held på til kl. 15:00. Søndag treffest vi igjen kl. 10:30 og held på til kyrkjekaffien er ferdig ca. kl. 13:00. Foreldre, søsken, besteforeldre og vener blir inviterte til gudstenesta. På den gudstenesta skal alle 3. klassingane få boka Skatten i Liljedal.

Har du lyst å gå på symboljakt i kyrkja? Lurer du på kva slags mysterium du finn i bibelen? Likar du agentmat? Veit du at det står noko utanpå alle kyrkjeklokkene i landet? Over heile landet vil det denne våren vere agentar i mange kyrkjer over heile Noreg. Vi vonar at du har lyst å vere ein av dei! Det kostar ingen ting å delta.

Påmelding skjer innan 05.02.16 til kateket@heroy-k​yrkje.no eller 70080260.

 

Tårn 14