Home » STORFAMILIEGUDSTENESTE I PARKEN

STORFAMILIEGUDSTENESTE I PARKEN

Alt låg til rette for ein strålande dag. Den kalde nordavinden, som hadde prega det meste av helga, var borte. Akkurat i det dei første kom for å forberede dagen, dukka også sola opp.

For åttande år på rad, var kyrkjene i Herøy klare for å sette sitt preg på Fosnavåg-veka. I år var det storfamiliegudstenesta som var startskotet for veka, og ikkje slutten på veka som tidlegare.

Gurskøy Soul Children starta gudstenesta med kjempebra song. Deretter dukka prest og pastor opp på scenen for å ønske alle velkommen. Vi fikk helse på ein som hadde gleda seg lenge, og som også var der i fjor.

Eit veldig dyktig band leda oss i fellessongane, i lag med forsongarane Tomine Sævik, Kanutte Kopperstad og Emma Nærø Pettersen. Det store barnekoret, som var eit samarbeid mellom dei gode barnekora i Herøy, satt prikken over i-en på gudstenesta. Dei var kjempeflinke. Koret besto av songarar frå Gurskøy Pre Soul Children, Noah frå Remøya og Lisjefrikk og Baluba frå Frikyrkja.

Anita Reite Onen, barne og ungdomskoordinator i Herøy kyrkje, hadde andakten. Ho snakka om David og om kor viktig det er å bevare hjertet sitt. Det betyr noko kva man fyller det med og kven det høyrer til. To av sonene hennes var med og var to ulike utgåver av David. Anita fortalte at han eine hadde bedt til Gud for at været måtte bli bra, og med eitt skjønte vi kor det gode været kom frå.

Vi hadde meir fellessong, før noen flinke ungdom frå Sion dansa for oss. Vi ba, song litt meir og avslutta som alltid med å bli velsigna.

Det var ein kjempefin gudsteneste.

Etter gudstenesta kom det som alle barna hadde gleda seg til. Hoppeslott! Barnas smil gjekk nesten rundt hovudet deira i det slottet blei blåst opp. Karamellkanonen var også populær, med ein kjempelang kø. Mange barn fikk også prøvd seg på å kaste på boks og kaste potet i bøtte.

Dei vaksne fekk tid til å prate, og det ble servert god mat. Gratis kyrkjekaffe som vanleg, med kaffi, saft og kaker. Det var i tillegg mogleg å kjøpe seg grillmat for dei som ville ta seg en tidleg middag.

Mange ble heilt til siste slutt.

Det var ein kjempedag.

Til avisa 1 Til avisa 2 Til avisa 3