Home » Spennande kulturkveld i Indre Herøy kyrkje

Spennande kulturkveld i Indre Herøy kyrkje

oysteinekrollIndre Herøy kyrkje er 100 år i år, og dette skal markerast med fleire ulike arrangement. Fyrstkomande fredag er det kulturkveld med mange interessante innslag. Dersom du er glad i kultur, lokalhistorie, musikk, song og lyrikk av høg klasse er Indre Herøy kyrkje plassen på fredag.

Øystein Ekroll, som mellom anna har skrive boka ”Kyrkjene på Sunnmøre”, har forska meir på det særeigne med Indre Herøy kyrkje. Han har skrive hovuddelen til det historiske heftet som vil bli presentert på fredag. Her skriv han mellom anna:

”Ved første blikk liknar Indre Herøy kyrkje svært mykje på dei fleire hundre kvitmåla langkyrkjene av tre som vart bygde i Noreg mellom 1850 og 1930. Men ved eit nærare studium er kyrkja likevel full av merkelege og spesielle trekk som ikkje finst andre stader, og på ein måte er mykje av den europeiske arkitekturhistoria samla i denne kyrkja. ”

 

”Gollj og Gråstein” er namnet på mannskoret som skal delta. Karane er heimehøyrande på Hareid og i Ulstein. Dei har hausta mange lovord for songen sin. Med den flotte akustikken i kyrkja blir dette opplevingsrikt. Vår eigen Sigmund Aksnes er ein meister i forteljarkunsten. Han har ei innleving og ei framføring som er unik. Han vil ta oss med inn i fleire av sine skattar. Kantor Atle Havåg Hovden tryllar fram dei vakraste tonane frå orgelet.

Som om ikkje dette var nok har komiteen samla bilete og målerie frå hendingar knytta til kyrkja gjennom 100 år. Dette har blitt ei utstilling som vert  ståande i kyrkjeromet ut oktober.

Kvelden vert avslutta med ein kopp kaffi og noko å bite i. Det historiske heftet vert til salgs under kyrkjekaffien.

Velkomne til ein historisk og uforgløymeleg kveld!

 

Jubileumskomiteen