Home » Søndag 6.februar kl 11: Felles gudsteneste med søndagsskule.

Søndag 6.februar kl 11: Felles gudsteneste med søndagsskule.

Alle landets skular og barnehagar har som regel ei markering i høve Samisk nasjonaldag. Kyrkja har dei seinare år begynt å markere det i heile landet i ei gudsteneste nær 6.februar som er sjølve dagen. Søndag føremiddag markerer vi Samenes nasjonaldag i ei felles gudsteneste for heile Herøy, dvs at vi samlast frå Leikanger, Indre Herøy og frå Herøy sokn i Herøy kyrkje. Denne kyrkja er så stor at ho er greiast å bruke til fellesgudsteneste. Det er visstnok ikkje så mange med samisk opphav som bur i Herøy, men det samiske er viktig for landet vårt, så vi vil markere den Samiske nasjonaldagen på søndag. Vi syng kjende salmar som handler om Gud og naturen, les bibeltekster og feirer nattverd saman. Tema for gudstenesta er “Møter ved elden”. Eit born skal berast til dåpen. Det er alltid ein fest å få vere med på. Vi skal også minnast og tenne eit lys for dei som har vorte gravlagd dei siste 2 vekene. Gunnar Elveseter trakterar tangentane, fung sokneprest Solfrid Leinebø Seljås er liturg, Ingrid Warholm er klokkar og konfirmantar har oppgåver i gudstenesta og fleire er medverkande. Denne søndagen er det SØNDAGSSKULE. Vi gjer det slik at søndagskuleborna møtast til gudstenestestart inne i kyrkjerommet, og etter det fyrste kvarteret (ca etter dåpen) går borna ut til søndagsskulerommet i kyrkja saman med søndagsskulelærar Beathe. Der vert det eige søndagsskuleopplegg for borna. Ang smittevern: Vi kan no bruke alle plassane i kyrkja igjen. Handsprit er fortsatt anbefalt, i tillegg til munnbind der vi ikkje kan halde meteren og når vi beveger oss. Heile familien er velkomen til gudsteneste!