Home » Søndag 4.september: Felles gudsteneste med dåp og 50-årskonfirmantar

Søndag 4.september: Felles gudsteneste med dåp og 50-årskonfirmantar

Herøy: Komande helg vert det arrangert ei markering både laurdag og søndag for dei som vart konfirmerte i gamle Herøy kyrkje i 1972. Mellom anna så er 50-årskonfirmantane inviterte til gudstenesta søndag 4.september i nye Herøy kyrkje, og vil der bli presentert for kyrkjelyden.
Det er fyrste gong vi har presentasjon av 50-årskonfirmantar i gudstenesta her i Herøy-kyrkjene, men det er vanleg over heile landet. Vi treng ikkje gå lenger enn til Hareid eller Volda, så er det ein etablert praksis gjennom mange år.

Nokre av 50-årskonfirmantane vil bidra med tekstlesing i gudstenesta, og så vert det litt å høyre frå deira konfirmantår, om korleis det var. Diverre står ikkje den kyrkja dei vart konfirmerte i lenger. Ho brann ned natt til 2.juledag i 1998. Istaden fekk vi nye Herøy kyrkje som sto ferdig til bruk som kyrkje igjen i 2003.
Det er noko eige med å møte på slike samlingar for å sjå kvarandre igjen, tenkje tilbake på tida som konfirmantar og friske opp igjen kontakt og venskap. Dette kullet var også det fyrste kullet som gjekk på den nye ungdomsskulen, Ytre Herøy ungdomsskule.

Etter gudstenesta er 50-årskonfirmantane inviterte til gode kaker og kaffe, og omvising i fortsatt nye Herøy kyrkje som antakeleg er «Noregs mest mangfaldige kyrkje». 
Gudstenesta vert forretta av prest Kjell-Roger Isene. Kantor Dag Johan Flattun leier det musikalske. Klokkar Ingrid Warholm deltar i og etter  gudstenesta saman med fleire friviljuge medarbeidarar. Det er kyrkjekaffi til alle på Kyrkjetorget etterpå.
Gudstenesta er open for alle, og er ei fellesgudsteneste for alle tre sokna i Herøy (Leikanger kyrkje, Indre Herøy kyrkje og Herøy kyrkje).