Home » Søndag 13.mars kl 11: Gudsteneste i Herøy kyrkje

Søndag 13.mars kl 11: Gudsteneste i Herøy kyrkje

Du er velkomen til gudsteneste på 2.søndag i fastetida!Denne søndagen er det heile 3 dåpsborn som skal døypast. Ei glede!Det er søndagsskule denne søndagen. Det betyr at familiene kjem til gudstenesta kl 11, og etter eit kvarter inn i gudstenesta (etter dåpen) går søndagsskuleborna ut til søndagsskulerommet saman med søndagsskulelærar og har eige program der).Denne søndagen er det prostiprest Kjell-Roger Isene som er liturg, kantor Dag Johan Flattun trakterer tangentane, klokkar er Ingrid Warholm og konfirmantar deltar.Takkofferet går denne søndagen til: Norges Kristelige Student og Skoleungdomslag (NKSS). Om du ikkje har høve til å delta ved denne gudstenesta, så kan du VIPPSE di gåve til 89917 (offer Herøy kyrkje). Det blir gode salmar, preike, forbøn og minning. Etter gudstenesta er alle inviterte med inn til tilstøytande rom for kyrkjekaffi og ein prat. Vel møtt!NB! Søndag kl 13 vil alle landets kyrkjeklokker ringe i 7 minutt i solidaritet med dei som er ramma av krigen i Ukraina.