Home » SOMMARGUDSTENESTE

SOMMARGUDSTENESTE

Vel møtt til felles sommargudsteneste for Herøy i Leikanger kyrkje søndag 7.august. Vi skal feire ei LARSOK-gudsteneste denne søndagen. Larsok er ein festdag i kyrkjeåret, på lik line med Jonsok og Olsok! 10.august er det Larsok ifylgje primstaven. Larsok er avmerka som ei rist på primstaven, og vart minnedagen for St. Lars, eller Lavrans som dei sa i Norge eller St. Laurentius, som han heiter meir offisielt. Før i tiden var Larsok en viktig merkedag for haust- og vinterveret, og den gamle kyrkjebøna om “godt og tenleg ver” høyrer særleg med i denne gudstenesta.

Sokneprest Solfrid Leinebø Seljås leier gudstenesta. Ann-Kristin Frantsen spelar på pianoet til salmane og liturgien. Ho vil også synge i denne gudstenesta. Fleire frå kyrkjelyden medvirkar i gudstenesta. Vi skal feire nattverden saman. Etter gudstenesta tek vi oss tid til kyrkjekaffi i midtgangen evt utanfor kyrkja ved fint ver. Vi vonar å møte mange til gudstenestefeiring i Leikanger kyrkje på søndag.

Arr.: Den Norske Kyrkje i Herøy