REFERAT FRÅ SOKNERÅDSMØTE I HERØY KYRKJE
Tysdag 22.09.09
Desse møtte: Sissel Fjørtoft, Bodil K.
Kvalsund, Sigbjørn Myren, Olav Torvik, Marvin Kopperstad, Ellinor Monsen, Inger
Vikene, Synnøve Sørheller, Jack Remøy, Jens Terje Johnsen, Øystein Nerland,
Beate Nes og Birgitta Skorpen
Referatsaker:
- Ingen kommentar til innkalling og referat
- Kyrkjeveka – passelig med program, litt for dei fleste. Det er
verdt å nemne at kyrkjekoret hadde 15 på besøk på øving, så gjenstår det å
sjå om det kan verte nye medlemmer av det. Der kunne ha vore meir folk på
både kapellopninga og fredagskvelden, men alt i alt er vi fornøgde. Fredag
var ein veldig positiv kveld som vi gjerne kan prøve igjen. Det kunne
kanskje vore ein ide at denne veka kom tidlegare på hausten. Då kunne ein
starte med samlingsgudsteneste i månadsskiftet aug/september og avslutte
med ei spesialgudsteneste søndagen etter.
- Søknad om offer frå Sunnmøre Indremisjon ligg inne på
offerlista
- Tilbod om salmekveld med tema Matias Orheim. Den sender vi
over til det nye soknerådet.
- Vi har motteke takk for offer frå NMS, Misjonssambandet
- Brev om rekruttering til Kirkens SOS
- Tilbod om forestilling frå Inger Lise Rypdal. Dette takker vi
nei til av økonomiske grunnar.
- Sjømannsmisjonskveld med Ole Dagfinn Sky og Jens Johnsen
28.februar.
SAKLISTE
SAK 35/09 Evaluering soknerådsvalet
Det har
kome reaksjonar på at vi valde å ha soknerådsvalet kun i kyrkja. Vi meiner
fortsatt at dei som ville stemme hadde gode høve til det med fleire veker
førehandsrøysting og to valdagar. Likevel må vi ta sjølvkritikk og endre på
dette ved neste val.
Når det gjeld valet elles er det veldig uheldig at der er så mange måtar å
endre lista på. Til neste val må ein også ha eit større tellekorps.
SAK 36/09 Kvartalsrapport økonomi
Vi er nokolunde i balanse pr.
30.08.09. Vi ligg litt under budsjettet
når det gjeld kyrkjelydsarbeid men dette vil mest sannsynleg jamne seg ut på
slutten av året. Soknerådet tek regnskapet til vitande.
Vidare må vi også tenkje på det med
dåpsopplæring som snart kjem for fullt, det vil nok også krevje ein del økonomisk. Snakka også om det med tiende, skulle vi som
kyrkjelyd ha gitt tiende av våre inntekter? Der er knytt store lovnadar til
dette i Bibelen. Denne utfordringa sender vi vidare til det nye soknerådet.
SAK 37/09 Søknad om leige, Volda,
symfoniorkester
Volda symfoniorkester får leige kyrkja til
konsert 13.mars 2010. Søknaden er innvilga innanfor vanlege normer for utleige
SAK 38/09 Offerliste haust 2009
Karete og Jack hadde utarbeidd eit forslag
som soknerådet syns var ok. Men på grunn av minus på kontoen for
kyrkjelydsarbeid vart dette sett opp som offer 8.11 og 20.12
SAK 39/09. Ungdomsarbeidet, forespørsel frå Pastor Geir Lande
Ungdomar har spurt Pastor Geir Lande I
Frikyrkja om tilbod til eldre ungdomar fredagskvelden. Dei har tidlegare prøvd
å ha dette på laurdagar, men det har fungert dårleg. Dei ynskjer tilbakemelding
om kva vi meiner om Nattcafe kvar 14. dag,
fredag frå kl 23- 02. Aldersgruppa vil vere frå vidaregåande og oppover.
Soknerådet diskuterte saka og er samstemt
i at fredagen bør vere Fredagstreffet sin, og at ein ikkje bør starte med andre
tiltak for same målgruppe. Etter hard jobbing frå ungdomsarbeidarane våre hadde
det vore trist viss dei eldre ungdomane heilt forsvann frå
F. treffet. Dei er ein ressurs som trengst
i miljøet. Samtidig ser vi at det manglar noko for dei litt eldre ungdomane, og
at det kan vere vanskelig å engasjere dei.
Vedtak: Soknerådet synest det er
bra at de vil organisere tilbod til aktuelle aldersgruppe, då dette er
manglande, men vi meiner at fredagskvelden bør vere forbeholdt fredagstreffet.
Vi synest det er svært viktig med god dialog angåande ungdomsarbeidet, og vil
derfor invitere dykk og Adventura til eit samarbeidsmøte i lag med
soknerådsformann, kateket og ungdomsarbeidar.
SAK 40/09 Evaluering av soknerådsperioda
Vi har vore innom mykje denne perioda og
noko har vi fått til, andre ting må jobbast meir med
Saker som vi har jobba mykje med og
lykkast:
·
Fått på plass misjonsprosjekt
for kyrkjelyden
·
Fast ungdomsarbeidarstilling
med støtte frå kommunen
·
Kapellet er på plass
·
Har behandla mange søknader om
leige av kyrkja
·
Jobba med gudstenesta
·
Forslagskasse
Tips til det nye soknerådet:
·
Det skjer mykje i kyrkja som
ikkje er koordinert i forhold til soknerådet. Dei bør få ei oversikt over kva
nemnder som er i kyrkja og kva mandat desse har.
·
Trusopplæring vert nok ei
utfordring framover
·
Å utvikle ungdomsarbeidet er
veldig viktig
·
Prøv å få på plass ein
regelmessig søndagsskule.
·
Prøve å få til litt
kveldsgudstenester, treng ikkje nødvendigvis å vere på ein søndag.
SAK 41/09 Eventuelt
·
Det vert bispevisitas
20-24.januar. Planlegginga av dette er i gang.
·
I haust er det prostevisitas,
det vert sak på neste møte.
·
Neste møte vert 27.10 kl.19
for det gamle soknerådet. Dei nye møter kl.20. Dei som har verv i soknerådet
førebur seg til å seie noko om dette.
Nerlandsøy 29.09.09
Bodil Karin Kvalsund
-sekretær-