Du er her: Forsida arrow Sokneråd arrow Referat September 07
Referat September 07 PDF Skriv_ut E-post
Skrive av Øystein Nerland   
onsdag 31. oktober 2007

Referat September 07

REFERAT FRÅ SOKNERÅDSMØTE I HERØY KYRKJETIRSDAG  25.09.07 Desse møtte:  Øystein Nerland, Marvin Kopperstad, Karete Johannesen,               Inger Vikene, Synnøve Sørheller, Olav Torvik, Jens T. Johnsen,              Sissel Fjørtoft, Jack Remøy, Bodil Karin Kvalsund REFERATSAKER:
  1. Ingen kommentarar til innkalling og referat
  2. Vi hadde ein flott kveld med Eivind Skeie men det vart dessverre litt øydelagt av dårleg lyd. Det har vore litt problem i det siste, og der skal vere ein gjennomgang med leverandør i næraste framtid. Det kunne kanskje ha vore lurt at presten hadde lyd heile tida, så slepp ein det at folk ikkje får med seg fyrste setninga.
  3. Der har komt ein del informasjonsmateriell, det finn ein på kyrkjekontoret
  4. Kvartalsrapport økonomi. – Vi er i rute økonomisk, men sidan ikkje alle hadde fått rapporten tek vi det opp igjen på neste møte.
  5. Temahelg i forbindelse med faste kan vere vanskelig å få til, men det vert jobba med eit alternativ. Tanken er å få hit Ingemar Torin som kan ha kurshelg angåande det å feire gudsteneste. Då kan vi invitere sokneråda, kyrkjevertane, dei ulike utvala og lekmannskorpset m.fl. Jens jobbar vidare med dette.
  6. Julekonsert med Bjørn Eidsvåg vart ikkje noko av denne gongen
  7. Konsert Jon Lotterud. Billettsal: Øystein, Bodil, Jack ( viss han er heime) ev. Marvin. Sissel, Inger og Ellinor er på kjøkkenet.
  8. Det vert konsert med Lisa Børud laurdag 20. oktober kl.16.00. Det er eit samarbeid med Frikyrkja, og Tone Nerland er Herøy kyrkje sin representant. Barnekora i ytre vert med og syng. Det vert forhåndssalg av billettar på Vestvang, og billettprisen vert kr. 80,- for barn og kr. 120,- for vaksne.     Treng hjelp til å servere borna bollar og saft mellom øving og konsert. Øystein, Bodil og Olav møter, men der er plass til fleire.
  9. Det vert avskjedsfest for Ole Brubakk på Tjørvåg Bedehus 25.11.07. Tidspunkt er ikkje fastsett, men det vert kanskje kjapt etter gudstenesta.
  10. Forslagskasse kjem snart.                                    
Vi saknar nummeroppheng bak i kyrkja og ber om at kyrkjeverja tek tak i     dette.
  1. Vi ynskjer ikkje å arrangere romjulskonsert med Ytre Suløen i år, men heller prøve å få til ein julefest 3. eller 4. juledag. Øystein jobbar litt med å finne folk som kan vere villeg til å vere komité for ein slik fest.
  2. Det vert open kyrkje i kontortida fram til jul.
  3. Trafikkskaddes foreining lagar kyrkjekaffi etter julekonserten 16.12.
  4. Frikyrkja kjem på besøk 07.10. Soknerådet har ansvar for kirkekaffi den dagen. Der er ein del kaker i frysaren, men Synnøve og Bodil baker kake i tillegg.
SAKLISTE Sak 42/07 Søknad om leige av kyrkja til Julekonsert med Rein Alexander         Søknaden vert avslått på grunn av konflikt med anna arrangement         Vi oppmoder han om å søkje igjen neste år. Sak 43/07 Leige av kyrkja 03.02.08. Ørstakoret         Søknaden er innvilga innanfor vanlege normer for utleige. Sak 44/07 Barne og ungdomsarbeidarstillinga vidare         Soknerådet ynskjer at dette skal verte ei fast stilling. Vi ser på          Ungdomsarbeidet som ein veldig viktig del av arbeidet vårt og               Fredagstreffet samlar ungdom både frå indre og ytre Herøy. Vi må gjere pr framstøyt overfor kommunestyret, og Jack inviterer varaordføraren m.fl til å vere med på eit fredagstreff så dei kan sjå korleis ungdomen har det i kyrkja.Vedtak: Soknerådet ber fellesrådet om å opprette ei 50 % stilling som ungdomsarbeidar i Herøy kyrkje frå 01.08.08, spesielt retta mot fredagstreffet. Vi ber vidare om at det vert sett av pengar til dette. Sak 45/07 Evaluering Herøy kyrkje ut på turDet har vore eit flott tiltak, men litt lite folk som har vore med på enkelte turar. Kanskje vi kunne ha litt færre datoar, t.d. ein tur i månaden over heile året, eller starte etter påske med 2-3 veker i mellom. Ein ide er å engasjere folk i dei bygdene der turen skal vere. Marvin lager eit forslag til neste møte. Vi kom også inn på det med friluftsgudsteneste, soknerådet går inn for at vi har ei i ytre i tillegg til den vi har felles med indre på Kvia.                                                             Sak 46/07 Leige av kyrkja, vokalgruppa Taus, 07.12.07         Søknaden er innvilga innanfor vanlege normer for utleige.          Kantor Terje Tjervåg godkjenner repertoaret. Sak 47/07 Eventuelt·        Søknad frå Calvin Bridges om å synge i lag med lokalt kor. Den vert oversendt til kirkekoret for å sjå om det kan vere av interesse.·        Skriv frå Leikanger kyrkjelyd. Der skal vere jubileumshelg 29-30. september. På gudstenesta søndag representerer Synnøve Herøy sokneråd. Ho tek med seg Bønebok for Den Norske Kyrkja som gave. ·        Utlysinga til Ole Brubakk si stilling er på vei ut, men i verste fall har vi ikkje nokon ny prest på plass før til sommaren.·        Jens har skrive mail til Per Arne Dahl i forhold til eit seminar om sorg. Dahl har skrive bok i lag med ein av dei som miste kone og dotter i tsunamien. I forbindelse med dette er det laga eit lite teaterstykke som kanskje kunne vore aktuelt å få hit. Dette er eit tema som er høgaktuelt og hadde vi fått til noko slikt som dette hadde det vore flott. Karete tek kontakt med forlaget for å høyre om det kan vere aktuelt å legge turen hit i forbindelse med promotering av boka. Jens prøver å få kontakt med Per Arne Dahl igjen. Skulle vi få til dette vil vi spesielt invitere alle som har vore nær Bourbon ulykka.  ·        Det har vore utarbeida eit nytt dokument som går på samarbeidet mellom Den Norske Kyrkja og Frikyrkja. I og med at kyrkja har eit tynnare forhold til staten enn tidlegare så nærmar Frikyrkja seg Den Norske kyrkja igjen. Dokumentet oppfordrar til å søkje saman lokalt så godt som mulig. Det er no ute til høyring i kyrkjelydane og enkelte i Frikyrkja er skeptisk p.g.a den teologiske utviklinga i Statskyrkja. Det vert orientert litt om dette dokumentet under kyrkjekaffien på fellesgudstenesta med frikyrkja 7.oktober.  Nerlandsøy 29.09.07Bodil Karin Kvalsund-sekretær-