Du er her: Forsida arrow Sokneråd arrow Referat arrow Referat Oktober
Referat Oktober PDF Skriv_ut E-post
Skrive av Øystein Nerland   
mandag 03. desember 2007

Referat Oktober

REFERAT FRÅ SOKNERÅDSMØTE I HERØY KYRKJE

TYSDAG 23.10.07

 

Desse møtte: Sissel Fjørtoft, Bodil K Kvalsund, Olav Torvik, Marvin Kopperstad, Ellinor Monsen, Inger Vikene, Karete Johannesen, Synnøve Sørheller, Jack Remøy, Øystein Nerland og Jens Terje Johnsen

 

Referatsaker:

1. Ingen kommentarar til innkalling, referat

2. Informasjon frå IKO er å finne på kirkekontoret

3. 125 mill i budsjett for trusopplæringsmidler

4. Ytre Suløøen kan kome fredag 28.03.08. Øystein forhandlar vidare med dei og prøver å få til ein avtale som gjer at vi får ein gevinst. Viss ikkje vil ikkje vi stå som arrangør.

5. Kvinnenes Internasjonale bønnedag, 07.03.08

6. 20-27.01.07 er sett av til bønneveke på landsbasis

7. Referat Fellesrådsmøte: Ungdomsarbeidarstillinga var oppe i lag med ei diakonstilling. Dette vert teke med i budsjettarbeidet. Tirsdag 30.oktober er det formannskapsmøte. Det er viktig at vi er med på å påverke politikarane slik at dei ser viktigheita av ein ungdomsarbeidar i kirkelig regi. Jack m/fleire tek seg av det.

8. Evaluering Lotterud. Det var ein fin kveld som kom ut med ca. 6.000,- i overskot. Det vart oppretta ein felleskonto for vidare prosjekt. For å få til følelsen av at det er eit samarbeid burde ein kanskje hatt fleire frå frikyrkja med på det praktiske.

9. Lovsongkveld med Iver Olaf Grimstad kan verte eit nytt fellesprosjekt i Herøy Frikyrkje. Det er mulig det vert i løpet av november.

10. Julefest 2007. Alette, Anna og Torunn, Birgit med i komiteen, Øystein og Synnøve er med frå soknerådet.

11. Søknad frå Taus, oversendt Kantor Terje. Dette er i orden for Terje, men vil at dei skal gjerast merksam på at der er mange konserter i desember.

12. Tilbakemelding Per Arne Dahl m fl. Dato er ikkje bestemt men dei er veldig positive og det vil mest sannsynlegvis verte i løpet av januar eller februar.

13. Temahelg Ingemar Torin 22-24.02.08. Han skal ha kr. 4.000,- i honorar + reiseutgifter.

Det vil verte ei kursavgift som forhåpentlegvis dekker dette.

14. Informasjon frå Normisjon

15. Avslutning for Ole Brubakk på Kjeldsund 25.november kl. 17.00. Representantar frå alle sokneråda skal ha eit møte for å planlegge festen. Olav møter frå Herøy sokneråd.  Heile soknerådet må stille med mat, kjem meir opplysningar om det etterkvart.

16. Tilbakemelding Lisa Børud konsert. Flott konsert med stappfull kirke. Ein måtte til og med sende folk heim igjen p.g.a. plassmangel. Både born og foreldre kosa seg. Forkynnelsen var klar og direkte. Ikkje det store overskotet, men ei veldig positiv oppleving var det.

17. Herøy Kyrkje ut på tur 2008. Marvin la fram eit forslag til program for 2008. Tanken er å ha nokre snø/ski aktivitetar på vinteren. Det er også ynskjeleg at det vert ein tur med gudsteneste.

18. Evaluering Fellesgudsteneste med Herøy Frikyrkje – Ei flott gudsteneste som ein merka at det var jobba med. Ein følte at det var meir samarbeid og mange var involverte.

19. Årsmøte for kyrkjelyden vert 9.mars 2008.

20. Prosjekt katalog Misjonsallianse

21. Juletallerken på november møte. Møtet startar kl. 19. Ta med pengar.

22.Samling for syrgjande i høve Dolphin ulykka, Kjell Aas var i kyrkja 18.10.07. Det var ei fin stund som vert fylgt opp med sorggrupper.

23. Helgemessesøndag stiller saniteten med kyrkjekaffi.

SAKLISTE

 

SAK 48/07 Leige av kyrkje Nattine med Herøyhorn 15.12.07.

Herøyhorn søkjer om å leige kyrkja til Julenattine 15.12.07..

Vedtak: Søknaden er innvilga innanfor vanlege normer for utleige

 

SAK 49/07 Leige av kyrkje 09.12.07 Bergsøy Blandakor

Bergsøy Blandakor ynskjer å halde julekonsert med gode gamle julesongar, andakt og Nina Elisabeth Bøe vert med for å bitte programmet saman.. Det vil verte mykje allsong. Dei vil ikkje ta inngangspengar, men ta opp ei kollekt som dei vil dele med Herøy Kyrkje(Herøy Sokneråd). Vi forstår det slik at vi deler kollekta 50/50

Vedtak: Søknad innvilga. 1000 kr i leige, vidare overskot av kollekt delt 50/50

 

SAK 50/07 Gjennomgang Økonomi

Vi såg på økonomirapporten pr. 30.09.07. Det å få framlagt ein rapport i forhold til budsjett er ein milepæl i Herøy sokneråd. Vi ynskjer ein slik rapport 4 gongar i året.

I forhold til budsjett ligg vi bra an på dei fleste poster, men når det gjeld givarteneste til ungdomsarbeidar må vi gjere eit framstøyt. Vi ynskjer at det skal verte informert litt om givartenesta på dei neste gudstenestene, husk å informere om muligheita til skattefritak.

Når det gjeld beløpet til givartenesta bør den justerast til neste års budsjett.

Budsjett for 2008 bør leggast fram for årsmøtet.

 

SAK 51/O7 Leige av kyrkje , Koret Lyst

Damekoret Lyst ynskjer å leige kyrkja til julekonsert 01.12.07.

Vedtak: Søknad innvilga innanfor vanlege normer for utleige.

 

SAK 52/07 Pastoral lederutvikling

Jens held no på med ei vidareutdanning i regi av MF og presteforeninga. Utdanninga heiter: ”Pastoral lederutvikling”. Det handlar om læring ved handling der Jens skal ha eit prosjekt i kyrkjelyden. Tema er: Korleis skape engasjement rundt gudstenesta ved involvering?

Det er sett av 3 gudsteneste etter påske der ein dannar ei prosjektgruppe på 12/13 personar.

Samansetjinga av den skal vere, 1 frå Soknerådet, Øystein Nerland, 1 frå diakoniutvalet – Inger Vikene, kantor Terje, klokker Ingrid, kirketener Yacob, 1 person over 70 år, 1 person under 20 år, 1 innvandrar, 1 psykisk utviklingshemma, 1 frå sidelinja, 1 frå pressa.

Prosjektgruppa skal samlast i november + 2 gongar i februar for å detaljplanlegge gudstenestene.

 

SAK 53/07 Eventuelt

·        Det har vore litt uro utanfor kyrkja enkelte fredagskveldar i oktober. Ungdomar samlar seg utanfor kyrkja og gjerne der det er mørkt. Det må skiftast til sterkare lyspære både ved døra og ned i huken.

·        Vi inviterer Ole til juletallerken på neste møte.

 

 

Nerlandsøy 28.10.07

Bodil Karin Kvalsund

-sekretær-