| Referat okt/fellesmøte 09 |
|
|
|
| Skrive av Øystein Nerland | |
| fredag 05. februar 2010 | |
Referat okt/Fellesmøte 09REFERAT FRÅ SOKNERÅDSMØTE I HERØY KYRKJE Tysdag 26.10.09 kl.19-20
Desse møtte: Sissel Fjørtoft, Bodil K. Kvalsund, Olav Torvik, Marvin Kopperstad, Ellinor Monsen, Inger Vikene, Synnøve Sørheller, Jack Remøy, Jens Terje Johnsen, Øystein Nerland Referatsaker: 1. Ingen kommentarar til innkalling, referat 2. Øystein, Birgitta og Beate hadde møte med Frikyrkja og Adventura angåande arbeid for eldre ungdomar. Konklusjonen vart at frikyrkja vil prøve å starte opp eit arbeid for denne aldersgruppa søndags ettermiddagar. Dei fekk og tilbod om å nytte Adventura sine lokale når dei var ferdig. 3. Biskop kallar inn prostiet 03.11 4. Takk for offer frå Kirkens Familievern, NMS, Indre Sjømannsmisjon og Norsk søndagsskuleforbund 5. Evaluering av demokratireform i DNK, gjaldt i hovudsak val til sokneråd og bispedømmeråd. Tilbakemelding vart gitt på mail. 6. IKO nytt, lagt ut på torget 7. Info frå Kirkens SOS vert lagt ut på torget. 8. Juleavslutningar i kyrkja 03.12 og 15.12. Er dette ting som må takast opp i soknerådet? Vi fann ut at dette kan staben styre, ein må passe på at det ikkje vert mange i veka, då ein lett kan verte kollisjonar med gravferder /minnesamvær 9. Reaksjonar etter soknerådsvalet. Der kjem eit innlegg i Vestlandsnytt fyrstkomande fredag frå soknerådsleiar, og eit frå kyrkjeverja der ein forklarer og beklagar.
SAKLISTE
SAK 42/09 Gudstenesteplan vår 2010 Det har vore eit vanskeleg arbeid å få til ein plan for neste halvår. Dette mykje på grunn av vanskar med å få klarlagt kor mykje ressursar ein har til rådvelde. Soknerådet tek planen som vart lagt fram til vitande.
SAK 43/09 Rapport frå gudstenesteutval Soknerådet gav Jens i oppdrag å etablere eit foreløpig gudstenesteutval som skulle setje seg inn i den føreståande gudstenestereforma. Sidan det var dette soknerådet som etablerte nemnda skal dei få uttale seg om forslaget, men det er det nye soknerådet som skal vedta det. Dette utvalet har no hatt 4 møter og er komen med eit forslag til korleis gudstenesta i Herøy kyrkje skal vere framover. Der er tre ting som står sentralt i reforma; 1. Ein vil involvere fleire i gudstenesta, også dei som sit i kyrkjeskipet. Det vil med andre ord seie å gjere folk meir aktivt deltakande. 2. Variasjon / mangfald i uttrykksformer Lokal tilpassing 3. Samtidig skal gudstenesta vere gjenkjennelig frå år til år, og gjenkjennelig som ei gudsteneste i Den Norske Kyrkja.
Heile reforma er utsett eit år, men dersom det nye soknerådet ynskjer det så kan ein prøve det ut før ein eventuelt vert pålagd dette. Ei av utfordringane er det med endringar i kva tid ein skal sitje, og kva tid ein skal stå. No skal ein sitje under tekstlesingane og stå under salmesongen m.m. Det kan lett verte mykje ståing for dei som er dårlege til beins.. Det er og endringar i kvar dei enkelte ledda kjem i gudstenesta. Ein vil også prøve ei fredshelsing i nattverdliturgien, kyrkjelyden helsar kvarandre med eit handtrykk eller ein seier Fred eller Guds Fred. Dette er nok framandt for kyrkjelyden, men verdt å prøve. Uansett så krev endringa mykje informasjon, så må ein evaluere undervegs kva som fungerar og kva som ikkje fungerer.
Nerlandsøy 26.10.09 Bodil Karin Kvalsund -sekretær-
REFERAT FRÅ SOKNERÅDSMØTE I HERØY KYRKJE TIRSDAG 26.10.09 Felles møte gammalt og nytt sokneråd
Desse møtte: Øystein Nerland, Marvin Kopperstad, Inger Vikene, Sissel Fjørtoft, Ellinor Monsen, Synnøve Sørheller, Jack Remøy, Bodil Karin Kvalsund, Jens Terje Johnsen, Olav Torvik, Olaus Jon Kopperstad, Paul Sundnes, Magnus Myklebust, Siril Elisabeth Thorsen, Kristin Monsen Lystad, Magne Kopperstad , Bodil Leinebø
SAK 44/09 ORIENTERING TIL NYTT SOKNERÅD Formann: Skal koordinere ting, og trekke i trådane Førebu og leie Au og soknerådsmøta m.m. Nestformann: Møter i Au ( arbeidsutvalet til soknerådet) Leier møte når formann ikkje er til stades Leiar diakoniutval: Diakoniutvalet består av 5 personar. Oppgåvene deira er mykje retta mot dei eldre. Dei har ei gruppe som besøker sjuke og aldersheimen ein gong i månaden. Dei deler ut julehelsing til dei over 80 år Arrangerer eldretur og eldrefest Hjelper til under gudstenesta for utviklingshemma. Kyrkjevertliste: Lager liste over dei som skal vere kyrkjevertar på kvar gudsteneste. Ny liste haust og vår ut i frå gudstenesteplanen. Sekretær: Skriv referat frå soknerådsmøta Konsertoppgjer: Har ansvar for å hente inn opplysningar etter konsertar over selde billettar. Dette skal skrivast inn i eit fast skjema som so vert levert på kyrkjekontoret. Ut i frå dette skjemaet sender kontoret regning. Fellesrådet: Fellesrådet er eit organ på tvers av dei 3 sokna + prest og ein frå kommunen. Dei har ansvar for drift og vedlikehald av kyrkje og kyrkjegardar. Dei har arbeidsgiveransvar for dei tilsette (utanom prestane) To representantar frå Herøy sokneråd Offersøknader: Gå igjennom offersøknadar som er komen inn og legge fram forslag for soknerådet kven som skal få offer komande halvår. Dette vert gjort ut i frå budsjettet.
Vi hadde også ein kort gjennomgang av saker som det gamle Soknerådet har arbeidd med i denne 4 års perioda. 2006: Fordelingsnøkkel offer Leke, gudstenestehaldar Ny salmebok Tema Gudstenesteliv Forslagskasse
2007 Bønnering Heimeside Herøy Kyrkje Utleige Samarbeidsavtale NMS, offer + arrangement 1 g pr år Gravminne, sanerte graver Krisehandtering Opa Kyrkje Halv årsplan aktivitetar Kyrkjeasyl
2008 Barne og ungdomsarbeiderstilling Ut på tur Barnekonsert, samarbeid Frikyrkja Lydanlegg Pynting kyrkja Kyrkjekalender Statuttar Fredagstreff Diakoniplan Gudstenesteplan
2009 Kyrkjekjeller Bokpresentasjon Dåpsgåver, vurdere CD Stoler Kyrkjeveke Soknerådsval, valnemnd 2011
I tillegg jobbar ein med søknad om leige, godkjenning gudstenesteplan halvårig, offerplan, kvartalsrapporter økonomi, budsjett, diakoni Forslag til nytt sokneråd - Få oversikt over nemnder i kyrkja og deira mandat - Jobbe vidare med trusopplæring, opprette stilling? - Vidare arbeid med ungdomsarbeid - prøve å få på plass regelmessig søndagskule - prøve å få til kveldsgudstenester, ikkje nødvendigvis på søndag
No forlot dei som skulle ut av soknerådet møtet, og det nye fortsette.
SAK 45/09 KONSTITUERING AV NYTT SOKNERÅD Leiar: Øystein Nerland, Nestleiar: Olaus Jon Kopperstad, Sekretær: Bodil Leinebø, Vara for sekretær: Siril Thorsen. Fellesråd: Magnus Myklebust og Karete Johannessen. Vara: Paul Sundnes. Representant diakoniutval: Inger Vikene, Kyrkjevertkoordinator: Kristin Monsen Lystad. Konsertrepresentant: Magne Kopperstad/Marvin Kopperstad
Sak 46/09 OM SAMLING I KYRKJA SØNDAG KVELDSoknerådet vert utfordra til å ta tak i enkelte søndagssamlingar i kyrkja på ettermiddagstid. Alette Teige, Ole Arild Bø med fleire kjem med tankar om dette. Herøy Sokneråd er svært positive til tiltaket og stiller seg bak dette. Men vi har ikkje kapasitet til å stå som utfører Vedtak: Herøy Sokneråd er svært positive til initiativet. Vi ber Jens Terje Johnsen med kantor om å ta vidare kontakt med gruppa og flette det inn i gudstenesteplanen for vår 2010. Ein kan ta ei vidare evaluering til våren. Det er ynskjeleg om ein kan prøve forskjellige klokkeslett, både kl 18, 19 og 20
SAK 47/09 EVENTUELT - Offersøknad frå Norsk Gideon, lagt i bunken - Ordinasjon Bjørn Leinebø 22.11.10. Soknerådet skal syte for smørbrød og rundekaker. Kjem tilbake til dette på samlinga 03.11 - Presentasjon av nytt sokneråd, Gudsteneste 03.01.10 - Neste Sokneråd 01.12.09 kl 20
Nerlandsøy 29.10.09 Bodil Karin Kvalsund -sekretær – sak 44 Øystein Nerland -sekretær – sak 45-47
|





