| Referat Okt o8 |
|
|
|
| Skrive av Øystein Nerland | |
| mandag 01. desember 2008 | |
Referat okt 2008REFERAT FRÅ SOKNERÅDSMØTE I HERØY KYRKJE Tirsdag 29.10.08
Desse møtte: Sissel Fjørtoft, Bodil K Kvalsund, Olav Torvik, Marvin Kopperstad, Ellinor Monsen, Inger Vikene, Karete Johannesen, Synnøve Sørheller, Ingebjørg Sævik, Jens Terje Johnsen, Øystein Nerland
REFERATSAKER
SAKLISTE
SAK 41/08 Søknad om leige, Heimane våre 27.03.09 Olaus- Jon Kopperstad med fleire søkjer på ny om leige av Herøy kyrkje for Heimane våre arrangement. Hovedtaler er biskop Laila Riksaasen Dahl Vedtak: Søknaden er innvilga innanfor vanlege normer for utleige
SAK 42/08 Søknad om leige, kulturskulen Kulturskulen ynskjer å leige kyrkja 09.12.08 til framføring av julekantate, Den store kongen. Det vert eit kor på ca 140 born frå skulane i Herøy. Dei ynskjer og å ta opp kollekt til dekking av utgifter. Vedtak: Søknad innvilga innanfor vanlege normer for utleige, dersom dei ikkje tek opp kollekt kan dei leige kyrkja gratis. Vi ber om at dei vert informert om begge alternativa.
SAK 43/08 Søknad om bruk av kjellar som skatehallVi har fått forespørsel om det er mogeleg å legge til rette for skating i kyrkjekjellaren. Nokre ungdomar manglar stad å vere i vintermånedane og lurer på om ein kan bruke det ledige arealet i kjellaren. Skal dette leigast ut må det gjerast ein del på dugnad, men der er ungdomane villege til å ta i eit tak. Det må lagast ein skikkeleg avtale som må skrivast under av folk over 18 år, og det må vere vaksne som er ansvarlege for dette. Det må også presiserast når dei kan bruke det, og det bør vere stengt i helgane med unntak av laurdag på dagtid. Det må også settast eit tidspunkt for kva tid dei må vere ute av bygget kvardagane. Ein må også sjekke at det er lov å bruke dette lokalet til slike aktivitetar, og at det som har med rømmingsveier og slikt er i orden.
Vedtak: Soknerådet ser positivt på søknaden, og ber kyrkjeverja jobbe vidare med saka i forhold til det med rømmingsvegar, forsikring, avtale m.m.
SAK44/08 Boksal /presentasjon av bøker på kyrkjetorg Rikke og Olaus Jon Kopperstad vil ta på seg ansvar for sal/presentasjon av oppbyggelige bøker for Herøy Kyrkjelyd. Ein ser føre seg dette på kyrkjetorget under kirkekaffien. Det kom opp forslag om at det kanskje kunne lagast eit lite flygeblad med informasjon om boka / bøkene som vert presentert. Den kan ev. folk ta med heim og studere slik at dei kan gå på bokhandelen og kjøpe den viss dei vil.
Vedtak: Soknerådet ser positivt på tiltaket som vil vere til nytte for kyrkjelyden og vi ynskjer tiltaket velkomen. Dei dagane det er aktuelt tek ein det med i kunngjeringane slik at kyrkjelyden veit at det skal vere bokpresentasjon
SAK 45/08 Bibelkveld i kyrkjestova Vi bruker fastetida til bibelkvelder. Datoane vert tirsdag 17/3, onsdag 25/3 og torsdag 2/4. Tema: Abrahams offer, Siloas stille vatn, Den heliga staden. Då tenkjer ein at soknerådet er vertskap. Det vert fyrst bibeltime, så kaffi og prat rundt teksta.
SAK 46/08 Eventuelt
Nerlandsøy 02.11.08 Bodil Karin Kvalsund -sekretær-
|





