| Referat November 09 |
|
|
|
| Skrive av Øystein Nerland | |
| onsdag 03. februar 2010 | |
Referat November09
REFERAT FRÅ SOKNERÅDSMØTE I HERØY KYRKJE Tysdag 01.12.09 kl 20.00-22.00
Desse møtte: Øystein Nerland, Marvin Kopperstad, Inger Vikene, Karete Johannessen, Olaus Jon Kopperstad, Paul Sundnes, Siril Thorsen, Kristin Monsen Lystad, Bodil Leinebø, Magne Kopperstad, Magnus Myklebust og Jens Terje Johnsen.
Referatsaker: 1. Kommentar til innkalling, referat 2. Kort orientering om misjonsprosjekt, diakoniplan 3. Informasjon om KRIK, offersøknad, arrangement 4. Kyrkjekonsert - Maritime dagar 2010? Ev. Blue Horn Jazz band 5. Tilbod om konsert, Bjelleklang (for dyre?). Kva med ev. store artistar som Rune Larsen? 6. Tilbakemelding frå Møre Bispedømmeråd, skodespel i kyrkjegardsmiljø, ikkje så heldig.. 7. Forslag møtedatoer våren 2010: 19.01, 16.02, 23.03, 27.04, 08.06. Au tirsdagen før 8. Informasjonsmateriell, trusopplæring 9. Informasjonsmateriell ang: Samarbeid i menighet, når overgrep skjer, strategiplan for kjønn og likestillingsarbeid 10. Val til Bispedømmeråd gjennomført 22.11.09. 10 røysteføre møtte, valresultat sendt Molde 11. Planlegge årsmøte mars 2010 (med kyrkjelydsfest i førekant). Komitè: Siril, Magne og Olaus-Jon 12. Informasjon vi ynskjer å ha under kunngjeringane i gudstenesta er: Kunngjeringane for veka skal etter dei nye forslaga vere før klokkeringinga, og gjelde arrangement som er opne for alle. (T.d. Mor og barn, KRIK, Kyrkjespirane og Fredagstreffet). Informasjonene må ha med tidspunkt.
SAKLISTE
SAK 48/09 Presentasjon, kva ynskjer vi å satse på i 2-årsperioda -Vi tok ei kort presentasjonsrunde.
Forslag til emne vi vil engasjere oss i: Misjonskontakt Johanne Leinebø? Soknerådet råder til at vi dreg inn folk utanfrå.
-Er det noko spesielt vi ynskjer å få gjennomført i denne perioden?
Karete tok opp dette med CD til dåpsforeldre. Etter eit år vert det innkalling til ei eller to store samlingar i kyrkja der ein får ei oppfølgjing om temaer rundt dåpsopplæringa.
Olaus Jon: -Kva skal til for å få folk under femti år til og kome til ei ”vanleg” gudsteneste?
Ikkje kome fram til noko når det har vore diskutert før, men konklusjonen er vel at ein slit med dette uansett.
Kva med ein kveld der dette vert tatt opp som tema? Ha med ein kjend person?
Vart diskutert laust og fast om faktorar som påverkar oppslutnaden til ei gudsteneste; tidspunkt, søndagskule på bygdene, ein inkluderane/eksluderane kyrkjelyd? m.m.
Trur vi må invitere den enkelte.
Kyrkjevertane kan vere meir aktive når dei står i døra i førekant av gudstenesta og under kyrkjekaffien. Få ”vinka” folk lenger fram i benkane og ynskje dei velkomne. Slå av ein liten prat…
Konklusjon: ingen nøkkel til dette. Men vi vil prøve ei annonse i lokalavisa der vi inviterer til å diskutere temaet: korleis få folk under femti til å møte på ei ”vanleg” gudsteneste?
SAK 49/09 Val til Fellesråd Paul Sundnes og Magnus Myklebust. Vara: Magne Kopperstad og Marvin Kopperstad.
SAK 50/09 Søknad om leige, Birgittes Minne Birgitte sit minnefond v/Andre Sæter får leige kyrkja til minnekonsert på 1-årsdagen for gravferda hennar, 27.02.09. Dei ynskjer å vidareformidle engasjementet hennar for vanskelegstilte barn og unge, samt fokus på psykisk helse og sjølvmord. Vedtak: Leige innvilga innanfor vanlege normer for utleige.
SAK 51/09 Rapport frå gudstenesteutval Det har vore sett ned ei gruppe som har jobba med ny gudstenesteform. Dette forslaget har vore oppe i forrige sokneråd. Jens informerte kort om forslaga og delte ut forslag frå denne nemnda til det nye soknerådet.
Jens fortel at skilnadane er ikkje så store, men det vesentlege er haldninga til gudstenesta. Solospel eller samhandling? Stikkordet vert: å involvere, fleksibilitet og lokal tilpassing.
Vedtak: vi ynskjer å prøve ut ei ny gudstenesteordning. Jens sender dette over til biskopen for godkjenning.
SAK 52/09 Stolputer( sete/rygg) til nokre av stolane i kyrkja og lyden i kyrkjerometEnkelte har plager med sete/ryggstøtte på stolane i kyrkja. Ein ynskjer at det skal ligge ca tredve puter bak i kyrkja. Karete vil i samarbeid med utsmykningsnemnda finne forslag til pute. Vi må få ei eller to prøveputer med prisoverslag til tredve puter. (Bodil føreslo pute av treningsmatte-material, svarte og ca to cm tjukke. Desse er sklisikre).
Lyden i kyrkjeromet må bli betre. Det er for mykje etterklang. Folk må bli opplærte i det tekniske rundt mikrofon og innstillingane der. Karete føreslår Helga Samseth frå Bø i Telemark. Ho har skrive ei bok om forteljekunst og det å bruke stemma rett i ei forteljarrolle.
Sak 53/09 Oppnemning av kirkens nødhjelpkontakt Soknerådet føreslår Beate Nes.
SAK 53/09 Visitas av Biskopen i Møre Biskopen skal på visitas til oss 20.01-24.01.10. Tre–fire personar kjem. Jens orienterte kort kva dette inneber. Soknerådet drøfta kva vi ville ha fokus på:
I første rekkje presentere kva Herøy kyrkje driv med, og få råd tilbake ris og ros…
I andre rekkje:
Forslag om at alle klassetrinn frå 1-7 vert invitert til gudsteneste.
8.-10. trinn får høve til å samlast og stille spørsmål til biskopen.
Kyrkjespirane bør få besøk.
KRIK?
Fredagstreffet!
Kyrkjeforeiningane, kva med dei?
Det er lagt opp til at biskopen skal møte representantar frå næringsliv (bl.a. Runde miljøsenter).
Det er sett opp eit møte med sokneråda onsdagen.
Jens har eige program for opplegg rundt visitasen. Ta kontakt med han for nærmare detaljar.
Eventuelt: Soknerådet sender ein søknad om støtte til ungdomsarbeidet.
Kyrkjelyd og misjon: eksisterer prosjekt om misjonsarbeid. Kvart år. NMS og Misjonssambandet.
Det er budsjett på soknerådsarbeidet vårt.
Sirkulasjon på kven som får offeret. Lage ei liste, Marit?
Jens nemner han frå Ørsta som syng i kyrkjer rundt omkring. Brannrelatert… Kan han vere aktuell her i kyrkja?
Referat 01.12.10 Bodil Leinebø -sekretær-
|
|
| Sist oppdatert ( onsdag 03. februar 2010 ) |





