Du er her: Forsida arrow Sokneråd arrow Referat November 08
Referat November 08 PDF Skriv_ut E-post
Skrive av Øystein Nerland   
mandag 26. januar 2009

Referat November 08

REFERAT FRÅ SOKNERÅDSMØTE I HERØY KYRKJE

Tirsdag 25.11.08

 

Desse møtte:  Sissel Fjørtoft, Bodil K Kvalsund, Olav Torvik, Marvin Kopperstad, Ellinor Monsen, Inger Vikene, Synnøve Sørheller, Jack Remøy, Jens Terje Johnsen, Birgitta Skorpen og Audun Høydal

 

Referatsaker:

  1. Ingen kommentar til innkalling, referat
  2. Tilbakemelding frå Rikke, dei vil prøve å få til bokbord på nyåret
  3. Alterduken er tatt bilde av, sendt til Molde
  4. Ungdomspalte- Ungdomsarbeidarane kan tenkje seg ei spalte i Vestlandsnytt som gjorde ungdomsarbeidet i kommunen meir synleg. Den vil då gjelde alle kyrkjesamfunna. Denne saka vert jobba vidare med.
  5. Orientering om gudsteneste-reform: Det er kome forslag til ny salmebok, ny tekstrekke og ny liturgi. Enkelte kyrkjelydar er utplukka til å prøve ut dette med ein gong. I vårt distrikt er det Sande og Volda som er plukka ut. Vi har tidlegare snakka om å få på beina eit gudstenesteutval som vil sjå på denne reforma i forhold til våre gudstenester. Denne saka tek vi opp igjen i januar.
  6. Info frå NMS, lagt ut på heimeside
  7. Info frå Bibelleseringen, barn og bibellesing vert hengt opp på tavla i kyrkja
  8. Info om Holmly, søknad om offer, vert sendt over til Bjørg
  9. Søknad om leige frå Bergsøy Blandakor angåande 14.12.08 har vi behandla tidlegare
  10. Info frå KRIK, offersøknad og leirar
  11. Møteplan vår 2009:  Sokneråd: 20.01, 17.02, 24.03, 28.04, 09.06. Au tirsdagen før

 

SAKLISTE

 

SAK 47/08 Tilbakemelding få ungdomsarbeidarane

Hausten har gått utrulig bra, der er mykje ungdomar på fredagstreff. Det er alt i frå 60 til 90 stk. innom kvar fredag. Audun og Birgitta seier at dei har teke over eit flott arbeid, som har vore lett å fortsetje på. Det har vore eit bra overskot i kiosken så økonomisk går det bra. Det har vore litt herjing med diverse ustyr, og litt mykje folk som har samla seg utanfor kyrkja, men det har ikkje vore noko bråk. Det har også vore lett å få med seg vaksne til å vere vakter og tilbakemeldingane er gode.

Ein ser at med so mykje ungdomar kvar gong så er lokalet sprengt. Då er det på si tide å få ned eit utval som ser på om ein kan innlemme det ledige lokalet i kjellaren i ungdomsavdelinga. Det ser ungdomsarbeidarane på som ein stor fordel.

Så soknerådet sette ned dette utvalet: Jack Remøy og Karete Johannesen frå soknerådet, Birgitta Skorpen, Audun Høydal, og to i frå styret i fredagstreffet. Det er og ynskjelig at desse får nytte kyrkjeverja si ekspertise når dei treng det. Desse set raskt i gong med arbeidet og kjem med eit forslag med prisoverslag til neste soknerådsmøte. Det kan vere aktuelt å søkje næringsforumet om støtte til dette.

Der må også kome på plass ein rømmingsplan for korleis ein skal evakuere ungdomsavdelinga ved ein eventuell krisesituasjon.

 

SAK 48/08  Tilsetjing av ungdomsarbeidar

Audun Høydal skal i militære jan 2009 og søkjer permisjon frå 01.01.09. Christian Lillebø Remøy har ytra ynskje om å hjelpe til med Krik, eventuelt ta over stillinga til Audun. Då Birgitta jobbar eindel meir enn ho skal , ynskjer vi å tilby henne 10 % til, medan Christian kan få tilbod om ei 10% stilling.

Forslag til vedtak: Christian Lillebø Remøy får tilbod om 10 % stilling som ungdomsarbeidar i Herøy kyrkje frå og med 01.01.09. Arbeidsoppgåvene er nedfelt i eigen stillingsinstruks.

Frå same dato får Birgitta Skorpen utvida si stilling med 10 %, frå 30 til 40 %.

 

SAK 49/08 Val 2009-2011

Val til sokneråd skal vere på same dato som stortingsvalet, og ein skal nytte ordinære røystelokale. Det skal vere mulig å førehandsrøyste frå og med 10.08.09. Alle som fyller 15 år i valgåret har røysterett, og alle som fyller 18 år i løpet av valgåret og som elles oppfyller krava er valbare.

Øystein, Olav og Bodil jobbar vidare med å førebu dette.

 

SAK 50/08 Årsmøte mars 2009

Årsmøtekomite vert: Marvin, Karete og Sissel.

 

SAK 51/08    Eventuelt

·        Diverse offersøknader, nokre oversendt til Bjørg, andre lagt til sides

·        Informasjon om årets julegåve der ein kan kjøpe eit gåvekort der pengane går til eit misjonsprosjekt.

·        Vi fekk oversendt ei sak frå utsmykkingsnemda som gjaldt konfirmantbilde gjennom tidene. Nemnda ynskjer ikkje at det skal verte opphengt i kyrkja, men dei vil at dei skal verte tekne vare på for ettertida. Soknerådet meiner dei har for lite informasjon om dette til å fatte noko vedtak her.

·        Lyset i kyrkja på kveldstid er noko ukoselig, det er kanskje på tide å få leverandør på bana for å sjå om det kan gjerast endringar som gjer at vi får eit varmare lys på kveldstid.