| Referat November 07 |
|
|
|
| Skrive av Øystein Nerland | |
| tirsdag 15. januar 2008 | |
Referat November 07REFERAT FRÅ SOKNERÅDSMØTE I HERØY KYRKJETIRSDAG 27.11.07
Desse møtte: Sissel Fjørtoft, Bodil K Kvalsund, Sigbjørn Myren, Olav Torvik, Marvin Kopperstad, Ellinor Monsen, Inger Vikene, Karete Johannesen, Synnøve Sørheller, Jack Remøy, Øystein Nerland og Jens Terje Johnsen REFERATSAKER 1. Ingen kommentarar til innkalling, referat 2. Søknad om offer 2008 er oversendt Bjørg 3. Vi har fått tilbod om kjøp av julekrybber frå NMS, men har det vi treng 4. Infoskriv frå Familie og venner 5. Informasjonsskriv om fasteaksjon 6. Tidsplan når det gjeld tilsetjing av sokneprest - 06.12 .07 skal utvida søkerliste vere klar- 17.12.07 startar ein med intervju der representant frå Indre Herøy/ Leikanger sokn kan vere med.-06.01.08 startar innhentinga av referansar- 18.01.08, frist for sokneråda og sende inn si liste-29.01.08 vert innstillingsprotokollen underskriven- 08.02.08 Tilsetjinga vert handsama i bispedømmerådet 7. Søknad om offer, landsforeining for trafikkskadde, oversendt til Bjørg 8. Konsert med Ytre Suløen fredag 28.03.08. Der blir det mest sannsynleg ein avtale der vi får 30% av inntektene. Soknerådet har ansvaret for det praktiske rundt konserten. 9. Tilbakemelding frå Formannskap vedrørande ungdomsarbeidarstilling. Det har vore behandla i formannskapet i forbindelse med budsjettet og skal opp i kommunestyret før jul. Signala er positive, men nok omeir eksakt veit vi fyrst etter kommunestyremøtet. 10. Julefest 27.12.07. Eli Sæter, Leiv Havåg, Familien Nerem tek del. Soknerådet har ansvar for å rydde etter festen. Den som ikkje kan stille skaffar vikar. 11. Takkebrev for offer frå Den Indre Sjømannsmisjon 12. Beate kateket treng gruppeleiarar til konfirmantgruppe vinter 2008. Vi spør folk til neste møte. Gruppene startar i februar, mars. Ho treng leiarar til 10-12 grupper 13. Møteplan for våren 2008: 08.01, 19.02, 11.03, 29.04, 27.05. Au vert tirsdagen før
SAKLISTE SAK 54/07 Utnemning av Biskop i Møre Soknerådet vedtok denne innstillinga:1. Halvor Nordhaug med 10 av 10 stemmer2. Bjarne Olaf Weider, med 9 mot 1 stemmer3. Berit Øksnes Gjerløw, men 10 av 10 stemmer SAK 55/07 Leige av kyrkje 07.03.08, Heimane våreDet vert søkt om leige av kyrkja til heimane våre 07.03.08 Denne gongen vert Rune Larsen igjen med, samt ungdomskoret Respons med fleire. Vedtak: Søknad innvilga innanfor vanlege normer for utleige. Reklamerer for kvelden spesielt på Fredagstreffet, kanskje ha ungdomstreff i ungdomsavdelinga etterpå.Vi jobber med å få til ein minikonsert torsdagen før der ein spesielt inviterer ungdomsskule og vidaregåande skule. Soknerådet ordnar det praktiske rundt konserten og kirka skal ha kr. 1000,- i leige viss det vert overskot. SAK 56/O7 Kyrkjeasyl, korleis forheld vi oss til det?Dette har på nytt vorte aktuelt p.g.a ei familie som hadde fått avslag frå UNE, men dei fekk utsettelse og løfte om at saka skal opp igjen i februar. Kvar sak vil vere individuell, men det kan vere greit å ha retningslinjer for korleis vi forheld oss til det. Vedtak: Herøy Kyrkje inviterer ingen til kyrkjeasyl i Herøy Kyrkje. Vi ser ikkje på det som ei løysing i slike saker. Men det at har immuinitet i kyrkja gjer at ein ikkje kan nekte nokon å gå i asyl i kyrkja vår. Dersom det skulle skje vil planen vere: 1. Den som oppdager asylantane kontakter soknerådsformann, som informerer soknerådet, prest og kyrkjeverje2. Leiar eller prest starter dialog med asylantane;får tak i historia deira, informerer dei om at vi ikkje ser på denne løysningen som god, kva tanker soknerådet har om kyrkjeasyl og at ein må tenkje andre, meir permanente løysinger.3. Dersom dei ikkje vil forlate kyrkja blir det kalla inn til soknerådsmøte der vi må vurdere, kva gjer vi no? SAK 57/07 Ofring 2008Jens og Bjørg har laga til eit forslag for ofringar fyrste halvår i 2008 som har fulgt malen vi har vedteke tidlegare. Karete og Jack ser på dette til neste møte, og ein prøver å stipulere beløp til kvar kollekt SAK 58/07 Eventuelt
|
|
| Sist oppdatert ( tirsdag 15. januar 2008 ) |





