Du er her: Forsida arrow Sokneråd arrow Referat Mars
Referat Mars PDF Skriv_ut E-post
Skrive av Øystein Nerland   
tirsdag 06. mai 2008

Referat Mars 08

REFERAT FRÅ SOKNERÅDSMØTE I HERØY KYRKJE11. MARS 2008 Desse møtte:  Sissel Fjørtoft, Bodil K Kvalsund, Øystein Nerland, Olav Torvik, Marvin Kopperstad, Ellinor Monsen, Inger Vikene, Karete Johannesen, Synnøve Sørheller, Jens Terje Johnsen, Beate Nes. 

Referatsaker:

1. Ingen kommentar til innkalling, referat

2.  Kyrkjekalender, vert sendt ut med konfirmantane ved fasteaksjon. Vi kan kanskje sjekke ut kva det vil koste å distribuere kalendrane via Vestlandsnytt.

3.Informasjon frå NMS

4. Inspirasjonsamling NMS, Vestnes 29.04. kl 18

5. Invitasjon til Generalforsamling NMS 9-13.07.08

6. Gåver til NMS frå givergrupper tilhøyrande Herøy Kyrkjelyd ca kr  400 000,  2007

7. Lovsongskveld med Iver Olaf Grimstad, Fellesprosjekt med Frikyrkja , ny dato 05.04.08.

8. Info om eittåringteneste NMS9. Konsert Ytre Suløen, Tricia Boutte 28.03 kl 19, billettpris 200, fordeling av oppgåver. Det vart delt ut plakatar som vert hengt opp før påske. Oppmøte fredag 28.03 kl.18.00.

Desse møter: Øystein, Marvin, Bodil, Karete og Sissel

10. Info Ropet fra øst

11. Høyringsutale frå IKO om KRL

12. Magasinet, størst av alt

13. Kurspakke om diakoni frå sommaren 08

14. Val av leiar/nestleiar i fellesrådet, Sissel Fjørtoft vart leiar, Sigmund Aksnes vart nestleiar.

15. Referat Fellesråd

16. Ny sokneprest Indre, den som var innstilt som nr.1 har takka ja til stillinga.

17. Info utleige til kulturskulen, sein søknad

18. Kyrkjetekstilutstilling

19. Oppnevninger av prester til fellesråd og sokneråd

20. Innkalling Årsmøte Kirkens SOS 

SAKLISTE 

SAK 16/08 Brann og parkeringsrutiner ved utleige

Ved større arrangement har vi eit problem både med parkering og å overhalde brannforskrifter. Der føreligg eit reglement pr. i dag, men soknerådet meiner at det bør justerast og sender over sitt forslag til endringar. Dette går på leigetakar sitt ansvar ved større arrangement, og på det med brannsikkerheit. Leigetakar må vite kor mange stoler det er lov å bruke t.d. Soknerådet ynskjer også at ein bør lage eit søknadsskjema som ligg på heimesida, det vil då verte lettare for folk å søke. Forslag til endringar vedlagt.

  SAK 17/08 Kva vyer, visjoner har vi for ungdomsarbeidet i kyrkja?

Song og musikk er viktig, og det hadde vore flott om vi kunne få Ten-sing på beina igjen.
Vi burde og reklamere for sommaraktivitetar, folkehøgskuler m.m. Oppstart av ungdomsalfa er veldig positivt. Kanskje kunne det også vere ein ide med bibelgrupper i etterkant av det?
Vi ynskjer at ungdommane skal få med seg noko i kyrkja, og kjenne seg heime her.

SAK 18/08. Kva vyer, visjoner har vi for arbeidet generelt i Herøy Kyrke? -

Trusopplæringsplan-Ta opp diakoniplanen i mai møtet-Starte opp bibelgrupper-Kanskje vi kunne få til ei gruppe som kunne arbeide med familiegudstenester i lag med prest og klokker. -gruppe som vurderer alternative møteformer i kyrkja, tek det igjen på neste møte 

Sak 19/08 Herøy Kyrkje ut på tur

Utsett til neste møte 

Sak 20/08 Eventuelt

  • Ungdomsalfa: Soknerådet løyver kr. 5.000,-
  • Vi set av kr. 6.000,- til drift av heimesida
  • Kvar vert forslagskassa av?
  • Sortering av avfall? Sak til neste møte
  • Parkeringsplassen må oppmerkast
   ReferentOlav Torvik  

 

Sist oppdatert ( tirsdag 06. mai 2008 )