Du er her: Forsida arrow Sokneråd arrow Referat Mars 2007
Referat Mars 2007 PDF Skriv_ut E-post
Skrive av Øystein Nerland   
søndag 06. mai 2007

REFERAT FRÅ SOKNERÅDSMØTE I HERØY KYRKJE TIRSDAG 13.03.07

Desse møtte: Øystein Nerland, Marvin Kopperstad, Sissel Fjørtoft, Ellinor Monsen, Inger Vikene, Karete Johannesen, Olav Torvik, Jack Remøy, Bodil Kvalsund, Jens Terje Johnsen, Beate Nes, Synnøve Sørheller REFERATSAKER
  1. Innkalling og referat vart godkjent utan kommentarar
  2. Vask / oljing av kyrkjelydssal vert torsdag 15.03.07 kl. 17.00.
  3. Vidare pynting av kyrkja, vi har ingen aktuelle pr. i dag. Vi tek dette opp som sak på neste møte.
  4. Søknad om trusopplæringsmidlar er sendt. Svar kjem i slutten av mars
  5. Det er arrangør som lyt betale Tono avgift. Det vert difor ei ekstra utgift i forhold til konserten med Ytre Suløen. Når det gjeld seinare arrangement bør Terje ta rapporteringa til Tono sidan det er han som får oversikta over kva som skal spelast/syngast på konsertane.
  6. Ny kontaktperson for bibelselskapet vert Jens Terje Johnsen
  7. Vi har ein person i manko til å styre med kapper konfirmasjonsdagen. Jens sjekker ut eit alternativ til neste møte
  8. Kulturskulen leigde kyrkja 12.03.07 innanfor vanlege normer for utleige.
  9. Abonnementet på kyrkjeaktuelt kostar kr.360,- i året. Vi vel å abonnere vidare på det
SAKLISTE Sak 16/07 BUDSJETT 2007. Karete og Jack la fram forslag til budsjett frå Arnfinn. Budsjettet legg opp til inntekter på kr. 444.000 og utgifter på kr. 431.000,- Av inntektene er der ofringar på kr.135.000,- til eige arbeid i løpet av eit år. Budsjettet er delt i 7 ulike postar (virkegreiner) Vi gjekk gjennom budsjettet og diskuterte litt rundt det. Dåpsopplæring: Skal vi dele ut alle bøkene vi gjer, skal vi gjere andre ting m.m. Slik det er no vert barnesalmebøkene sponsa av eit rederi, kostnadane til Bibel vert delt mellom kommuna og soknerådet, og 3 kl. fasen betaler vi heilt sjølve. Kvar fase har ein verdi i seg sjølv, og for mange er det einaste kontakta dei har med kirka før konfirmasjonen,Vi diskuterte og om offer som går til ungdomsarbeidet skal gå inn i komfirmantarbeidet utan at vi gjorde nokon konklusjon. Kva med laurdagstorg, bør vi ta opp att det sommarstida?Soknerådet meinte og at tida var inne for å ta opp igjen det med givertenesta. Jens lager eit skriv som vi kan dele ut på årsmøtet.

Soknerådet var klar på at budsjettet skal gå i balanse, sjølv om ikkje alle dei ulike postane gjer det, om ein post går i pluss og ein i minus er ikkje det noko problem. Vi vedtok at Karete og Jack tek med seg budsjettet tilbake til Arnfinn og snakkar meir om detaljane. Så tek vi opp at saka på neste møte

Sak 17/07 UTLEIGE AV UNGDOMSLOKALEKyrkjeverja, kateket og ungdomsarbeider hadde lagt fram eit forslag til korleis dei såg for seg at ungdomslokale skulle verte nytta. Fyrst og fremst er det ungdomane sin plass, men kanskje det kunne verte utleigt til små grupper innanfor kyrkjelydene. Dei var og klare på at dei meinte at det ikkje skulle leigast ut til barneselskap og lignende.Soknerådet diskuterte saka og kom fram til at foreløpig bør dette primært vere ungdommane sitt lokale. Det bør difor ikkje vere slik at når dei vil ha sine møte, så er lokale allereie opptatt lang tid i forveien. Vi tilrår difor ikkje at lokala vert leigt ut no. Når det er sagt så meiner vi at staben skal kunne nytte det til ulike samlingar der dei finn det naturleg. Sak 18/07 ÅRSMØTE 18.03.2007 Alt er under kontroll, sjå elles referat frå sist møte Sak 19/07 HEIMESIDE HERØY KYRKJEHeimesida til kyrkja er no under arbeid, og det foreløpige resultatet ser veldig bra ut.

Det har komt spørsmål om kva ein gjer med dei andre kyrkjelydane i kommunen. I og med kontoret skal betjene sida, så må ein ta stilling til om dette forfordeler Herøy kyrkje.

Slik det er no so er kostnadane med heimesida gitt av privatperson og viss dei andre kyrkjelydane ynskjer å gjere innsats for si kyrkje så er dei velkomne til det. Det bør sendast brev til dei med informasjon. Etter at denne sida er ferdig kan fellesrådet gå inn på ein liknande avtale for Indre Herøy og Leikong, og betale for å få den utforma for sine kyrkjelydar. Heimesida skal innehalde fakta om kyrkja, orgelet, aktivitetar i kyrkja og nyheiter. Det vil også vere eit bibelsitat for kvar dag. Folk skal også kunne gå inn og finne dei opplysningane dei treng i forhold til dåp, konfirmasjon, gravferd og vigsel. Referata frå soknerådsmøte bør også ligge inne.Kanskje kan det også vere ein ide å selge annonseplass til gravferdsbyråa?Når det gjeld kva linkar som skal ligge inn så har Øystein frie tøyler til å finne ut av det.Målet er at sida skal vere ferdig til påske. SAK 20/07 SAMARBEIDSAVTALE MED NMSVi har vorte utfordra til å støtte meir opp rundt misjonsarbeid. I og med Johanne og Bjørn Leinebø no er ute for NMS er det kanskje naturleg å ha eit samarbeid med dei i denne perioda. NMS har 4 års avtaler der ein kan bitte seg for ein fast sum i året, eit prosjekt eller ofringar?Det NMS kan stille med er predikant til gudstenester og besøk i barne og ungdomsarbeidet. Soknerådet var einige om at vi burde ha eit misjonsengasjement og kom fram til at vi ville gjere det på denne måten: Vi har to arrangement i året der inntektene går uavkorta til NMS. Då tenker vi at vi kan ha ein ” Song i katedralen” på hausten og ei familiegudstenste palmesøndag eller Kristi Himmelfartsdag t.d. SAK 21/07 FASTEAKSJONENBeate treng litt hjelp til dette. Vi må prøve å få til ei rutine som kan gjelde i fleire år. Ho hadde 3 forslag til løysing og soknerådet gjekk inn for eit alternativ der vi deler konfirmantane inn i 3-4 grupper med ulike oppmøteplassar. Der sit folk og sender dei ut to og to. I år er det berre 60 konfirmantar og ein vil trenge hjelp frå vaksne for å dekke heile Ytre Herøy. Beate prøver å få fleire frivillige og sørger for informasjon til bøssebærarane. Ho skal og innhente dei siste rodene som finst.

Aksjonen skal vere tirsdag 27.mars mellom kl. 18 og 20.

Kyrkja: Inger, Synnøve og Karete

Nerlandsøy bedehus: Marvin og Øystein ,

Leine bedehus: Sissel ordnar med nokon.

Frøystad bedehus: Beate prøver å finne nokon. SAK 22/07 EVENTUELT· Det har kome invitasjon til info- kveld på Bok og Media i Ulsteinvik 28.03.07. Viss Beate vil kan ho fare, ho må melde seg på innan 16.03· Herøy 10 på topp – Det vert jobba med å arrangere felles fjellturar på enkelte søndagar. Då vel ein mellom toppane som er innanfor Herøy 10 på topp konseptet. · Ofring – må det alltid gåast rundt alteret når vi skal ofre, det har kome reaksjonar frå folk som synest ein kunne ha veksla litt med å ta offer opp i benkane eller ved utgangen. Delte meiningar i soknerådet, slik det heilt sikkert er i kyrkjelyden elles. Men kanskje kan ein tenke på det av og til· Minestrantkappar – ein treng to mindre kapper til minestrantar. Spørsmål frå kyrkjespirane om soknerådet kan dekke dette. Soknerådet er positive, kanskje kan dette vere noko ein kan betale av fondet til konfirmantkapper.

· Spørsmål frå ungdommar om vi kan gjere fleire ting i lag, t.d .reise på tur i lag. Kva med å arrangere tur til Taize? Kanskje litt ambisiøst til å begynne med, men absolutt ein ide å ta med seg.

Nerlandsøy 18.03.07

Bodil Karin Kvalsund

-sekretær-

Sist oppdatert ( søndag 15. juli 2007 )