Referat Mai 2008
REFERAT FRÅ SOKNERÅDSMØTE I HERØY KYRKJE
TIRSDAG 27. MAI 2008
Desse møtte: Sissel Fjørtoft, Bodil K Kvalsund, Sigbjørn Myren,
Marvin Kopperstad, Inger Vikene, Karete Johannesen, Synnøve Sørheller, Øystein
Nerland, Beate Nes, Jens Terje Johnsen
REFERATSAKER
- Ingen kommentar til
innkalling og referat
- Forslagskasse- får ikkje tak
i rett sort treverk, så då må det innom utsmykkingsnemda.
- Helge Håberg vil administrere
heimesida til Herøy Kyrkje 2 – 3 md. Etter det ser han om han vil
fortsetje. Han skriv då innlegg frå enkelte konsertar og ting som skjer i
kyrkja.
- Kyrkjekalender- manglar
kalkyle, men innstikk i Vestlandsnytt vert for dyrt. Då er det betre å
lage det til som ei slags annonse som folk kan klippe ut. Då kan kyrkjekalenderen
i dei to andre kyrkjene stå samtidig. Samtidig printer vi ut nokre som kan
ligge i kyrkja slik at folk kan ta med heim igjen.
- Ut på tur – dårleg oppmøte so
langt, men turane går som planlagt.
- Møteplan for hausten 2008.
Soknerådsmøte: 26.08, 30.09, 28.10, 25.11.
Au tirsdagen før
- Info NMS gjenbruk
- Infobrev frå Bjørn og Johanne
Leinebø – heng på tavla i kyrkja
- 316 Salmer og sanger har kome
i nytt opplag
- Ut på tur med menigheten,
gjeld turar til Afrika
- Kor frå Kamerun har konsert i
Ulstein Kyrkje 18.07.08
- Utnevne komité familiegudsteneste/ettermiddagsgudsteneste.
Jens fekk ein del namn som han kan spørje. Det kan vere ynskjelig med ein
fast komité for familiegudstenester, komiteen kunne vore oppnemnt for to
år, og ha ansvar for ei gudsteneste på hausten og to på våren.
- Ropet frå Øst
- Takk frå NMS
- Internasjonal dag for fred i
Palestina og Israel
- Infolinker frå IKO og
Dåpsklubb bør sendast til Mor og Barn, skulekontoret og barnehageavdelinga
- Invitasjon til
landsomfattande dugnad. www.hundrearsmalene.no
- Felleskristen bønnefaste for
ekteskapet og barns rettigheter
- Kyrkjebyggkonferanse i
Stavanger 1-3 september 2008. Sissel tek med dette til fellesrådet.
- Kurskalender frå KA
- Oversikt frå Kirkens Sos,
regnskap og årsmelding
- Takk frå NLM- offer
SAKLISTE
SAK 28/08 Tilsetjing av ungdomsarbeider
Karete,
Marit og Tone var med på intervju av Audun Høydal og Birgitta Skorpen. Utifrå oppgåver/
ansvar delte ein stillinga i 30/ 20. Då vert Birgitta administrator.
Vedtak: Soknerådet tilset Birgitta Skorpen i 30 % og Audun Høydal i 20 % stilling som
ungdomsarbeider i Herøy Kyrkje. Sigbjørn, Karete og Øystein vert kontaktgruppa
deira frå soknerådet. Staben må også velge ein.
SAK 29/08 Statuttar
for Fredagstreffet, Arbeidsavtale Ungdomsarbeider
Forslag
til arbeidsavtaler vart godkjent.
Når det
gjeld statuttar for fredagstreffet vart desse føreslått:
·
Fredagstreffet
er Herøy kyrkje sin ungdomsklubb, og er forplikta på same trus –og normgrunnlag
som Den Norske kyrkja
·
Målsettinga
for klubben er at dei unge skal modnast i kristen tru og livstyding, og utvikle
ein sunn kristen identitet.
·
Herøy
sokneråd er ansvarleg for arbeidet og tilset til ei kvar tid egna og
tilstrekkelig personale som driv klubben i lag med frivillige i kyrkjelyden.
·
Klubbleiinga
omgir seg med eit styre vald mellom deltakarane. Dei er ansvarleg for at det
vert ført regnskap og medlemsregister, og dei rapporterer årleg om verksemda
til soknerådet.
·
Hovedregnskap
vert ført av økonomiansvarleg i kyrkja
Der burde
og vere eit sett av reglar for Fredagstreffet med nokre overordna prinsipp.
Statuttane
vert sendt tilbake til Tone, Birgitta og Audun slik at dei kan sjå på dei. Det
kan og vere greitt å lage eit sett
ordensreglar for kva som er godtatt oppførsel, t.d. når kan dei som er
vaksenleiarar utvise ein person, kvar går grensa?. Kanskje det også kunne vere
ein ide å ha eit lite skriv til dei frivillige der det står noko om kva som er
forventa av dei når dei er på Fredagstreff.
Vi tek
opp at saka i august.
SAK 30/08
Konfirmantopplegg
Det har
vore eit ganske stort kull i år. Dei har hatt undervisning kvar 3.veke. Det
viser seg at konfirmantane set stor pris på fellesopplegg, men det kan vere
vanskelig å få tak i nok ledarar til leir og liknande. I den forbindelse bør
ein krevje meir av foreldra slik at dei må ta sin del av ansvaret.
Det er
vanskelig å arrangere berre ei konfirmasjonsgudsteneste pr. søndag. Ein må
prøve å gi dei beskjed om kva gudsteneste dei skal vere med på tidleg på
hausten. Viss det er snakk om byting må dei gjere det innbyrdes. Når oppdelinga
vert gjort vil ein også prøve å ikkje dele små bygder i to.
Kyrkja
har også vore utleigd til selskap, men heretter får dei beskjed om at dei ikkje
kan dekke bord før etter siste gudstenesta.
Soknerådet
kom med forslag om å synliggjere konfirmantane meir i gudstenesta. Kanskje kan
dei få ei oppgåve. Det krev sjølvsagt at andre enn Beate tek ansvaret for
dette. Eit alternativ er å vere kirkevertar.
I den forbindelse må ein høyre om dei som er oppsett vil ha med seg
konfirmantar eller ikkje.
Kirkevertane
burde innkallast til møte ein gong i året, prøver å få det til i juni og då kan
ein avklare det om konfirmantane kan ta del. Ein må då lage ein plan og
konfirmantane må bytte innbyrdes.
Når det
gjeld evaluering viser det seg at det er vanskelig å samle konfirmantane etter
konfirmasjonen. Beate har laga eit evalueringsskjema som ho sender på mail til
soknerådet når det er ferdig.
SAK 31/08
Søknad om støtte
Kateket
og barne og ungdomsarbeider søkjer om støtte til etterarbeid etter Bourbon
Dolphin ulykka, totalt på kr 2911. Dette gjekk til innkjøp av bøker samt 500 kr
til mat
Vedtak: Soknerådet takker for arbeidet som
ungdomsarbeider og kateket har gjort for ungdomane og innvilger søknad. Ber om at ein for seinare anledning søkjer om
støtte i forkant av arrangement
SAK 32/08
Bruk av fond, retningslinjer
Vi såg
over dei ulike fonda og gjorde desse vedtaka:
·
Fondet
for eitåringstenesta går ut. Det som står igjen på fondet vert overført til
fonda som gjeld ungdsomarbeidet og konfirmantarbeidet med kr. 10.000,- til
kvar.
·
Fond
for ungdomsarbeidet bør stå som det er, og ha det som buffer i tilfelle
underskot.
·
Diakoniarbeidet
står som før
·
Kyrkjemusikalsk
arbeid står som før med kantor som budsjettansvarlig
·
Laurdagstorget-
kan stå men med ei anna overskrift etter kvart. Kunne kanskje vore brukt til sosiale
ting i kyrkja
·
Konfirmantkapper
her avventer vi fordeling mellom dei ulike kyrkjelydane
·
Ny
kyrkje – står som før.
SAK 33/08
Eventuelt
·
Søknad
frå Leikong blandakor om leige av kyrkja til julekonsert 29/11. Vedtak:
Leikong blandakor får leige kyrkja på vanlege vilkår så sant det ikkje
kolliderer med andre arrangement.
·
Det
burde vore arrangert laurdagstorg i forbindelse med båtfestivalen i juli, det
vil seie laurdag 19.juli. Soknerådet ber kyrkjekontoret om å prøve å få folk
til det, ta for seg frivilligheitslista. Når det gjeld tidspunkt bør det sjåast
i forhold til programmet i Fosnavågen.
·
Der
er ein del rust som viser gjennom malinga rundt kyrkja. Vi ber om at det vert
masa på dei som har levert maling slik at det kan verte gjort noko med. Det er
ganske skjemmande slik det ser ut i dag.
·
Audun
foreslo å kjøpe inn Ungdomsbibelen til Fredagsfreffet. Karete sjekker ut om
dette er noko vi vil gi vidare.
·
Dersom
der kjem saker i løpet av sommaren, så sender Øystein dei ut på høyring i
Soknerådet, så kan AU gjere endeleg vedtak.
|