Du er her: Forsida arrow Sokneråd arrow Referat arrow Referat juni 09
Referat juni 09 PDF Skriv_ut E-post
Skrive av Øystein Nerland   
mandag 07. september 2009

Referat juni 09

 

REFERAT FRÅ SOKNERÅDSMØTE I HERØY KYRKJE

Tirsdag 09.06.09

 

Desse møtte: Sissel Fjørtoft, Bodil K Kvalsund, Sigbjørn Myren, Olav Torvik, Inger Vikene, Karete Johannesen, Synnøve Sørheller, Birgitta Skorpen, Jens Terje Johnsen, Ingebjørg Sævik, Marit Sævik Leinebø, Arnfinn Hanstad, Øystein Nerland

 

Referatsaker:

  1. Ingen kommentar til innkalling, referat
  2. Cd- en med Sulebakk er ikkje klart enno
  3. Herøy kyrkje ut på tur går som planlagt.
  4. Gudsteneste på Flåvær 23.august. Leige mest sannsynleg Lanternen, det vert då påmelding for dei som skal fylgje den. Jens har ansvaret for gudstenesta. 
  5. Soknerådsmøter hausten 2009:  18.08, 14.09(0pptelling val) 22.09,  27.10(fellesmøte nytt sokneråd)    Au tirsdagen før
  6. Herøy gospelkor fekk låne mixepult til konsert mot at dei har ein konsert for fredagstreffet i løpet av hausten.
  7. Søknad om offer Ys`men, 09.08.09.
  8. Sirene fekk leige kyrkja på vanlege vilkår 24.05.09
  9. Jørgen Kopperstad vert ny redaktør for heimesida
  10. Spørsmål ang konfirmasjon på laurdag neste år – dette har vore oppe før og vedtaket frå den gong står enno ved lag.
  11. Revidert preikeliste
  12. Søknad om offer frå Sunnmøre søndagsskulekrins. Søndagsskulen har 120 års jubileum og søkjer om offer i den forbindelse. Karete noterer det, og tek det med når dei ser på offersøknadane for andre halvår 2009.
  13. Info om alpha gruppe frå Rikke Kopperstad
  14. Fellesgudsteneste 21.06 på allmenningen. Desse leverer kaker: Marit, Birgitta, Ellinor, Bodil, Inger, Sissel, Synnøve, Karete, Øystein (skaffar 2) . Desse hjelper til på barnekortreffet laurdag: Birgitta, Øystein, Marit ( får med seg ei til). Desse hjelper til på søndag: Karete, Bodil, Synnøve
  15. Takk for gåve, Normisjon og NMS
  16. Kandidatlister bispedømmeråd
  17. Forslagskassa er no ferdig, og Jakob kan henge den opp. Når det gjeld  kyrkjekjellaren er ein ikkje komen lenger. Marit får i oppdrag å engasjere arkitekt før sommaren.

 

 

SAKLISTE

 

 

SAK 23/09 Soknerådsval 2009, praktisk gjennomføring

Kyrkjeverja ber soknerådet tenkje over om ein ikkje bør ha fleire valkrinsar enn kyrkja. Skal demokratireforma ha effekt bør ein ha soknerådsval i same lokale/ tilstøytande lokale som stortingsvalet. Dette for å auke valdeltakinga. Soknerådet diskuterte saka og står fast ved vedtaket om å ha valet i kyrkja søndag 13. og 14. september.

 

 

 

 

Gjennomføring av valet:

 

 

Førehandsrøysting:

På kyrkjekontoret, Marit Leinebø og Bjørg Kvalsund er røystemottakarar.

 

Val etter gudstenesta søndag 13. september: Frå kl. 12.30 – 14.00

Røystemottakarar: Øystein Nerland, Olav Torvik, Bodil Karin Kvalsund

Val mandag 14.september frå kl.13 – 18 på kyrkjekontoret.

Røystemottakarar frå kl.13 – 16: Bjørg Kvalsund, Marit S. Leinebø, Beate Nes

Røystemottakarar frå kl.16 – 18: Karete Johannesen, Inger Vikene og Synnøve Sørheller.

 

Oppteljing mandag 14.september kl.18.30.

           

 

SAK 24/09 Kvartalsrapport økonomi/rekneskap

Vi gjekk gjennom rekneskapet pr. 30.04.09.  Då ligg vi an til kr. 1000,- over det budsjetterte.

Vi gjekk gjennom dei ulike postane.

-Dåpsopplæring, der kjem tilskot og sponsormidlar i andre halvår. Når det gjeld det med å dele ut Cd til dåpsfamilier bør ein søkje om midlar til dette før ein bestiller.

-Konfirmantarbeid, kontingenten vert fakturert i andre halvår. Pr. i dag ser denne posten til å gå med underskot. For seinare bør ein vurdere kontingenten i forhold til aktiviteten. På sikt er det ynskjelig at konfirmantopplegget er sjølvfinansierande.

-Ungdomsarbeidet: Det kommunale tilskotet er periodisert. Ein bør fakturere fellesrådet to ggr i året for dette, ikkje berre ein som no. Gåver og giverteneste står på ein felles post, denne bør delast slik at ein veit kva som er fast givarteneste.  Elles ligg ein godt an i forhold til budsjettet her.

-Budsjettposten som gjeld utgifter til heimeside kan halverast til kr. 5.000,-

-Diakoni og kyrkjemusikalsk arbeid ser ut til å gå i balanse.

- Posten som heiter laurdagstorg kan ein stryke slik at ein står igjen med berre kyrkjekaffi.

Alt i alt ligg vi bra an i forhold til budsjettet.

 

 

 

SAK 25/09 Planlegging,  tilbod til barnefamiliar

Vi snakka om å lage til ein kveld der ein inviterte vaksne og barnefamiliar til ein kveld i kyrkja. Det vil vi prøve på fredag 18.september. Komité for kvelden er: Øystein, Ingebjørg, Jens og Karete. Medan vi snakka om dette kom ideen om ei aktivitetsveke fram.

            Mandag: Mor og Barn

            Tirsdag: Eldretur

            Onsdag: Kirkekor

            Torsdag: Ut på tur

            Fredag: Fredagstreff, kveld for vaksne

            Søndag: Gudsteneste for psykisk utviklingshemma

                          Salmekveld.

 

 

SAK 26/09 Søknad om støtte kateket Nes/Sokneprest Dalsbø

Vedtak: Kateket Nes og Sokneprest Dalsbø får kr. 2000,- i støtte frå Herøy sokneråd for å vere med ungdomar på Tenåringstreff.

 

SAK 27/09 Ungdomsarbeiderstilling frå hausten av

Frå hausten av skal Christian Remøy gå på skule i Ålesund og kan difor ikkje vere med på KRIK. Frikyrkja vil igjen samarbeide om dette så det løyser seg. Christian vil fortsatt vere med på fredagstreff og skal ha ansvaret den fredagen i månaden som Birgitta har fri.

Styremøte bør Birgitta og Christian få til i lag. Dei bør sette opp ein halvårsplan der også styremøta er innplotta.

Birgitta skal ikkje jobbe inn mot konfirmantane lenger, men prøve å få søndagsskulen opp å gå. Då tenkjer vi å få til ein søndagsskule for Bergsøya i tillegg til at dei som er i kyrkja får vere i lag. Ein må då setje opp ein halvårsplan slik at folk veit kva datoar det er søndagsskule. Då har ein søndagsskule frå kl. 11.15 til kl.12, og ein må ha eit lite opplegg. Ut i frå folka ein får så set ein opp ei liste med kven som har ansvaret. Søndaggskuledatoar før jul vert: 14.september, 27.septemeber ( søndagsskulens dag), 4.oktober, 25.oktober ( 4.års bok, familiegudsteneste) 8.november, 22.november og 6.desember. Det vil verte 5 søndagar ein treng folk til å ha søndagsskule. Det kan og vere aktuelt å ha konfirmantar med til hjelp.

 

 

 

SAK 28/09 Forslag til konfirmantopplegg 2009-2010

Beate har lansert ideen om eit nytt opplegg for konfirmantane neste år. Hausten har ho undervisning som vanleg + ein konfirmantdag og lysmesse, januar til mars vert det interessebaserte grupper, to konfirmantdagar og fasteaksjon. Så vert det litt undervisning før konfirmasjonen. Soknerådet synes ideen er god og ynskjer henne lykke til.

Vi snakka litt om det med servering på undervisningstimane, kanskje kunne ein ha engasjert pensjonistar til å hjelpe henne med det, ev. besteforeldre til konfirmantane.

 

 

SAK 29/09 Søknad om leige, Leikong Blandakor 28.11.09

Leikong blandakor får leige Herøy Kyrkje til julekonsert 28.11.09

innanfor vanlege normer for leige

 

 

Sak 30/09  Eventuelt

  • Biskopen i Møre kjem og skal halde gudsteneste i Herøy kyrkje 8.november kl.15.00. Soknerådet er innkalt til denne gudstenesta.
  • Dersom det kjem saker som det må gjerast hastevedtak på i løpet av sommaren så tek AU seg av det.

 

 

Nerlandsøy 14.06.09

Bodil Karin Kvalsund

-sekretær-

Sist oppdatert ( mandag 07. september 2009 )