Du er her: Forsida arrow Sokneråd arrow Referat Januar 08
Referat Januar 08 PDF Skriv_ut E-post
Skrive av Øystein Nerland   
tirsdag 26. februar 2008

Referat Januar 08

REFERAT FRÅ SOKNERÅDSMØTE I HERØY KYRKJE9.JANUAR 2008 Desse møtte: Sissel Fjørtoft, Bodil K Kvalsund, Olav Torvik, Marvin Kopperstad, Ellinor Monsen, Inger Vikene, Karete Johannesen, Jack Remøy, Jens Terje Johnsen REFERATSAKER1. Ingen kommentar til innkalling og referat2. Julefest – Fin julefest, men der var kaldt i kyrkja og folket fraus. Slik bør det ikkje vere. Det har og vore enkelte andre arrangement der det har vore kaldt i kyrkja, og soknerådet lurer på om det er noko som er gale med anlegget, og ber administrasjonen å sjekke ut dette.Lyden var og dårleg på julefesten. Administrasjonen må igjen ta tak i saka, og soknerådet vil ha ei utgreiing av kva som er gjort angåande lyd til neste møte. Elles hadde komiteen gjort ein god jobb, tusen takk til dei. Vi må utnemne komitè for neste julefest tidleg på hausten slik at dei har tid på seg.3. Komitè Årsmøte 08 – Jack, Synnøve og Inger4. Gruppeleiarar til konfirmantgruppe vinter 2008 – Vi hadde ikkje fått so mange til no er det Øystein og Marvin som vil ha ei gruppe og Marit ei. Tenk ut og spør folk om dei kan tenkje seg, og gi beskjed til kontoret så snart som råd5. Infoskriv frå NMS6. Takkebrev frå Kirkens Nødhjelp, Normisjon7. Konsert med Sirene 06.01.08. Dei søkte so seint om leige av kyrkja , derfor vart søknaden behandla administrativt.8. Ny heimeside til NMS, www.nms.no9. Invitasjon til Ungdomsting 1-3 februar, oversendt Barne- og Ungd- Arbeider10. Søknad om offer, LMF (Lærerinnenes Misjonsforbund).11. Avskjedsgudsteneste Odd Bondevik. Ingen av soknerådet var tenkt seg innover. Soknerådet er med på felles gave til Biskopen i frå alle sokneråda i prostiet.12. Lovsongskveld med Iver Olaf Grimstad, Fellesprosjekt med Frikyrkja 23.02.08.  Soknerådet er positive til dette, men det er ei helg med stor aktivitet i kyrkja, og treng dei praktisk hjelp må vi få beskjed i god tid.13. Infoskriv frå norsk misjon i øst14. Møteplan for våren 2008: 09.01, 19.02, 11.03, 29.04, 27.05. Det vert Au tirsdagen før.          SAKLISTE SAK 1/08 Val av leiar, nestleiar og sekretær Vedtak:          Leiar: Øystein Nerland                        Nestleiar: Olav Torvik                        Sekretær: Bodil Karin Kvalsund SAK 2/08 Offer 2008Jens og Bjørg har laga forslag til ei offerliste der ein har prøvd å antyde kor mykje som kan kome inn på den enkelte gudstenesta. Sidan vi ikkje har endra offernøkkelen vil dette verte ståande inntil vidare.Budsjett 2008 vil vi lage ut i frå rekneskapen for 2007. Karete og Jack samarbeider med Arnfinn slik at dei kan legge fram eit budsjettforslag til neste møte. I forbindelse med budsjettet må ein også velge kva ein skal prioritere av utgifter. Det er ynskjelig at vi går gjennom utgiftene og vurderer dei. SAK 3/O8 Barne og ungdomsarbeiderstilling, utlysingVi har no fått innvilga 100 000 over 4 år framover. I den forbindelse må vi sjå på stillinga og finne ut korleis vi kan gjere den slik at det vert attraktivt for folk å søke. Marit har idear til ei omarbeiding. Til neste møte vil ho, Tone og Beate sjå på det  og kome med eit forslag til utlysingstekst. Vi utset derfor saka til neste møte SAK 4/08 Ny sokneprest i Indre Herøy og LeikangerUnnateke offentligheit Sak 5/08 Homofili, korleis kjem ein fram til 2 syn i Kyrkja?Saka vert utsett til neste møte Sak 6/08 Søknad om leige av kyrkja 25.01.08Oddmund Kvalsvik har søkt om å leige kyrkja til eit møte med Svein Norvik.Vedtak: Søknaden er innvilga innanfor vanlege reglar for leige av kyrkja. Sak 7/08 Søknad om Strikkekafè i kjellarenEvy Kismul har søkt om å få bruke kjellaren til strikkekafe annankvar onsdag.Ho tenkjer då at folk kan møtast over eit handarbeid. Der kan ein få prate i lag, dele eit andaktsord og ha det kjekt i lag.Vedtak: Søknaden er innvilga og soknerådet ser svært positivt på prosjektet,og ynskjer henne lykke til.Når det gjeld det praktiske rundt strikkekafèen avtaler ho det med kyrkjekontoret.  Nerlandsøy 10.01.08Bodil Karin Kvalsund-sekretær